No skal Tone Marit innsetjast som prest

Ny prest: Tone Marit Dyrkolbotn.Arkivfoto

Ny prest: Tone Marit Dyrkolbotn.Arkivfoto

Artikkelen er over 2 år gammel

Søndag blir Tone Marit Dyrkolbotn innsett som ny prest i Sandnes kyrkje.

DEL

Det opplyser soknerådet i Masfjorden til Avisa Nordhordland. Dette skjer i Sandnes kyrkje i ei spesiell innsetjingsgudsteneste.

– Dei to prestane som har hatt teneste i Masfjorden kommune siste to åra, Bjørn Magne Hansen og Jens Linde, vil delta i gudstenesta, seier Randi Kjøsnes på vegne av sokneråda i Masfjorden.

Under gudstenesta vil Dyrkolbotn få ei helsing frå Bjørgvin-biskop, Halvor Nordhaug.

Prost i Nordhordland, Geir Sørbø, blir med på innsetjinga saman med Sandnes skulemusikk, opplyser soknerådet.

Etter gudstenesta blir det samling på Sandneskafeen.

– Her er det høve for ordet fritt, lese dikt eller gje ei helsing til den nye presten, og til kyrkjelyden. Jens Linde syng solo. Ordførar Karstein Totland har ordet, seier Kjøsnes som sjølvsagt håpar på ekstra mange kyrkjegjengarar til denne gudstenesta.

– Me håpar at mange, både frå Frøyset, Solheim og Sandnes sokn, samt alle andre som har høve og lyst, å ta turen til Sandnes for å ta vel i mot den nye presten vår, Tone Marit Dyrkolbotn, seier Kjøsnes og lovar betasuppe, kaffi og kaker.

Dyrkolbotn er frå Austrheim og vart ordinert i slutten av juni. Ho er den einaste kvinnelege presten i regionen.

Tone Marit (26) på plass som einaste kvinnelege prest i prostiet 

Artikkeltags