Her dukkar maskoten opp med ski på beina

Av
Artikkelen er over 3 år gammel

«Kom deg ut-dag» i Stordalen.

DEL

Mellom 150 – 200 store og små trassa både ver og vind for å bli med på den årlege Kom deg ut-dagen på Stordalen skisenter i dag, sundag 07.02.2016.

Arrangørane Barnas turlag Gulen, Barnas turlag Masfjorden, Ytre sogn turlag, og Ytre Sogn turlag UNG stilte med mange instruktørar både på snowboard, slalom og telemark, og det vart full aktivitet både i skitrekket og i barnebakken heile dagen.

Debuterte på slalåm

Laks som arrangørane fekk av slakteriet i Brekke og Firda seafood, vart grilla på bålpanner og delt ut gratis. I tillegg var det pølse og lompe/brød.

For dei som ville varme seg litt med varm drikke, var det berre å ta turen bort i teltet der det var gratis kaffi, kakao og varm saft. Alle medlemmane fekk låne utstyr og dagskort gratis.

Det vart ein utruleg flott dag, og me såg born som prøvde slalåm for første gong seinare stå i større bakkar som om dei aldri hadde gjort noko anna.

I barnebakken var det sett ut kjegler/puter som dei fekk prøve å svinge rundt, og alle dei dyktige instruktørane våre gjorde ein kjempejobb med å gjere dagen både lærerik og kjekk for både store og små.

Involverte flyktningane

Det er viktig for oss å inkludere nye sambygdingar og denne dagen var me heldige og fekk med oss fleire, som og gjorde ein god innsats med å lage til arrangementet.

Me har hatt god kontakt med både flyktningkonsulent og andre slik at alle kan få bli med, og  då er det ekstra kjekt å sjå at både dei som allereie har vore her ei stund, i tillegg til nye, er aktive deltakarar som og er viktige bidragsytarar.

Etter fem timar var det mange slitne, men lukkelege fjes å sjå. Enkelte hadde ikkje hatt tid til å ta pausar i det heile. To turborevar hadde vore innom på besøk, og dei rende ned både barnebakken og nokre av dei store løypene, til stor glede for mange av dei som var der.

Det såg ikkje ut til at verken regn eller vind hadde noko innverknad på humør eller innsats, så det ligg nok mykje i uttrykket «Det finst ikkje dårleg vêr, berre dårlege klede».

Babyar og pensjonistar

Denne dagen møttest både babyar i barnevogn og pensjonistar, i tillegg til folk i alle aldrar i mellom,  kjekke folk frå andre kulturar og med anna språk, og eit aktivt lokalmiljø til ein stor, felles aktivitet og gode opplevingar. Dette vert gode minner å ta med seg vidare inn i eit forholdsvis nytt friluftsår med fokus på familie.

Ein ekstra klapp på skuldra bør alle dei kjekke ungdommane som stilte opp som instruktørar få. Me er heldige som har så mange flinke ungdommar som vil vere med å drive dugnadsarbeid vidare, her i kommunane våre.

Artikkeltags