Har gått alle onsdagsturar i ti år

UT PÅ TUR: Ekteparet Laila Ljøen Reknes og Kolbjørn Reknes har gått alle onsdagsturane i Masfjorden i ti år.FOTO: Privat

UT PÅ TUR: Ekteparet Laila Ljøen Reknes og Kolbjørn Reknes har gått alle onsdagsturane i Masfjorden i ti år.FOTO: Privat

Artikkelen er over 3 år gammel

Ekteparet Laila Ljøen Reknes og Kolbjørn Reknes har greidd det dei for nokre år sidan sette seg som mål, nemleg å vera med på alle onsdagsturane i Masfjorden i ti år.

DEL

Under ei samkome på Stordalen Fjellstove sist veke som avslutning på 2016-sesongen, vart dei heidra for denne fenomenale innsatsen!

I tillegg til å gå alle turane, har dei også i same perioden teke ansvar for å føra statistikk over deltakinga på turane i Masfjorden, samt å finna turmåla på nordsida av fjorden. Så ein kan trygt seia at dei i tillegg til å sjølve vera aktive, så har dei også lagt ned ein betydeleg innsats for folkehelsa i Masfjorden.

Dersom ein legg til grunn at dei for kvar tur desse ti åra har brukt 2,5 timar til tur og transport, så kan ein rekna ut at dei har nytta omlag 66 arbeidsdagar à 8 timar til turgåing, eller gått meir enn 2 millionar steg på tur!

Onsdagstursesongen i Masfjorden vart som nemnt avslutta med ei trivleg samkome på Stordalen Fjellstove. Gruppa i Lindås har tidlegare hatt si avslutning i ungdomshuset på Konglevoll.

Programmet for neste år er no klart, og turlaget inviterer alle interessert vel møtt til nye turar i 2017. Det er turar som gjev fysisk aktivitet kombinert med sosial trivnad.

Nordhordland Turlag gratulerer Laila og Kolbjørn med fenomenal innsats og ser svært gjerne at dei heldt fram med aktiviteten sin.

Innsendt av Birger Tomasgard

Nordhordland Turlag

Artikkeltags