Ellen Marie (88) einaste nolevande etter forliset: – Frykteleg å mista mi gode veninne

Dei var besteveninner – ei av dei berga seg i land med eit naudskrik, den andre forsvann i djupet då DS «Masfjord» forliste ved Duesund for 75 år sidan. Ellen Marie Sandnes (88) er einaste noevande av dei som var med på forliset, der elleve personar mista livet. Ein tom brødkasse vart redninga. Ho var med på minnemarkeringa denne veka.