Dødsfallet til John Arve frå Masfjorden er ei gåte

Etter å ha vore sakna i nær eitt år blei John Arve Breivik (innfelt) funnen død i eit skogsterreng på Breistein i Åsane i januar 2016. FOTO:  BA/Privat

Etter å ha vore sakna i nær eitt år blei John Arve Breivik (innfelt) funnen død i eit skogsterreng på Breistein i Åsane i januar 2016. FOTO: BA/Privat

Artikkelen er over 1 år gammel

Politiet klarer ikkje å finne svar på om John Arve Breivik blei utsett for ein forbrytelse. No har statsadvokaten avgjort å henlegge saka.

DEL

Dei etterlatte klagar no til Riksadvokaten. Dei vil ha svar på kva som skjedde med 54-åringen, skriv BA.

Søndag 24 januar i 2016 blei Breivik funnen død i terrenget på Breistein i Åsane, ikkje langt frå Bergen fengsel.

Fann beinrestar og klede

Det var ein mann som fiska som gjorde funnet. Han observerte beinrestar og klede i terrenget.

Avdøde hadde tilknytning til Åsane, og han blei offisielt meld sakna 26. juni året før. Dei siste sikre observasjonane av han skal ha vore to-tre månader tidlegare på våren.

I det kriminelle miljøet gjekk det mange rykter om kva som hadde skjedd med 54-åringen.

Advokat Ann Turuid Bugge, som tidlegare har vore forsvarsadvokat for Breivik, var ikkje i tvil om at klienten var tatt av dage.

– Han var ein sterk mann, så fleire må ha vore med på det, sa Bugge til BA i juni samme år.

Ho omtalte han som ein svært hyggeleg kar, trass i sin bakgrunn og meinte det offentleg hadde gjort han ein del urett opp gjennom åra.

Tre personar skal ha fortalt advokaten at han blei drepen.

Obduksjonsrapporten av levningane ga imidlertid ikkje noko svar på dødsårsaka.

I august 2016 beordra statsadvokaten ytterlegare etterforsking og avhøyr, utan at dette leia til noko gjennombrot eller siktingar.

Like før jul bestemte statsadvokaten i Hordaland ein endeleg henleggelse av dødsfallet.

– Mangel på bevis

– Årsaka er mangel på bevis. Vi veit ikkje kva som har skjedd, ei heller om det har skjedd noko straffbart, seier politiadvokat Elisabeth Bru.

Ho er påtaleansvarleg for etterforskinga i Vest politidistrikt.

Ho har tidlegare gitt uttrykk for at politiet har etterforska dødsfallet breidt og at dei har halde alle moglegheiter opne.

Bistandsadvokat John Arild Aasen representerer dei etterlatte. Han stadfestar at avgjerda om henlegging er påklaga til Riksadvokaten.

Dermed blir det opp til landets øvste påtalemyndigheit å sette sluttstrek, eller beordre ny etterforsking av det tre år gamle mysteriet.

Artikkeltags