– Tusen takk til legevakta i Knarvik

Når uhellet er ute finst det ikkje nokon betre plass å vere enn på legevakta i Knarvik, meiner Anette Wisnes. Foto: Google Maps

Når uhellet er ute finst det ikkje nokon betre plass å vere enn på legevakta i Knarvik, meiner Anette Wisnes. Foto: Google Maps

Artikkelen er over 2 år gammel

Finst ikkje nokon betre plass å vere, meiner pasient.

DEL

Anette Wisnes ønskjer å rette ei takk til legevakta i Knarvik gjennom Avisa Nordhordland etter å ha fått svært god hjelp då behovet om akutt legehjelp oppstod.

LES OGSÅ : Olaug kan ikkje få rost legevakta i Knarvik nok

«Når først uhellet var ute, finst det ikkje nokon betre plass å vere enn på legevakta i Knarvik (sengeposten). Eg er så glad for at det finst eit slikt tilbod i Nordhordland. Takk og så mykje til Sonja og Petter ved Austrheim legekontor. De er englar alle saman. Helsar og til Dagny», skriv Wisnes i meldinga til oss.

Wisnes ønsker ikkje å utdjupe kva som medførte besøk på legevakta, men seier til Avisa Nordhordland at det ofte er dei negative episodane som blir trekt fram. Ho ønsker difor å få fram at legevakta i det daglege gjer ein kjempejobb.

LES OGSÅ: Dette er den nye legevatksjefen i Nordhordland

Kva synest du om vår lokale legevakt? Skriv di meining i kommentarfeltet på Facebook.

Og har du tips til oss, enten dei handlar om klanderverdige forhold eller positive opplevingar, send til redaksjonen@nordhordland.no

Artikkeltags