To straumbrot i Lindås rammar over 500 kundar

Over 500 kundar er utan straum på grunn av to straumbrot i Lindås onsdag morgon. Kart: BKK

Over 500 kundar er utan straum på grunn av to straumbrot i Lindås onsdag morgon. Kart: BKK

Det melder BKK onsdag morgon.

DEL

Over 500 kundar er utan straum onsdag morgon på grunn av to straumbrot i Lindås kommune. Det melder BKK på nettsidene sine.

Straumbrotet som rammar flest oppstod klokka 07.03.

– Vi har desverre eit straumbrot i området rundt Konglevoll, Hundvin, Grimstad, grunna eit tre som har falle ned over linja. Montørvakter arbeider med å fjerne treet, skriv BKK på feilmeldingssidene sine.

458 kundar er berørt av straumbrotet her. Feilen blir forventa å vere utbetra til klokka 09.

Også i Myking-omrdået har BKK eit straumbrot onsdag morgon. Dette inntraff klokka 06.30. Her er feilen forventa å vere retta til klokka 12.30. 107 kundar er berørt her, ifølge BKK.

Artikkeltags