Gå til sidens hovedinnhold

To personar sat fastklemd etter alvorleg ulykke

Artikkelen er over 5 år gammel

Tre bilar involvert i trafikkulykke på fylkesveg 57 i Lindås. Tre personar er sendt til Haukeland med alvorlege skadar.

– Tre personar er sende til Haukeland med alvorlege skadar. Skadeomfanget for desse er framleis uavklart, seier innsatsleiar Ivar Kvant til Avisa Nordhordland i 15-tida.

Klokka 1730 opplyser Haukeland universitetssjukehus at tilstanden er kritisk for ein av desse, ei 39 år gamal kvinne.

Ytterlegare fire personar er sende til legevakt.

LES OGSÅ: Politiet har fått meldingar om kappkøyring i forkant av ulykka

– Desse får vidare behandling både i Knarvik og i Bergen, seier Kvant.

Politiet melde om ulukka på twitter klokka 14.15.

To personar fastklemde

Ulukka skjedde på fylkesveg 57 i Kjevikdalen i Lindås. Tre bilar var involvert og to personar sat ei stund fastklemde, melde politiet.

Då Avisa Nordhordland sin reporter var på ulukkesstaden litt over klokka 1430, var brannvesenet i gang med å frigjera personane frå bilane.

–  To brannbilar jobbar no med hurtigfrigjering, seier vår reporter Morten Sæle. 

Han rapporterer om ei alvorleg ulukke.

–  Det sit i alle fall ein person fastklemd no. Andre har fått behandling på ulukkesstaden og blir tatt vare på av pårørande og helsepersonell, seier Sæle i 1430-tida.

 

To av bilane hadde fått kraftige skadar i fronten.

–  Dei bilane er trykt heilt inn til førar, så dette er ein kraftig kollisjon.

Også den tredje bilen hadde store skadar.

– Vanskelege køyreforhold

Ulukka har skjedd på ei rett strekning i 80-sona, like forbi NGIR sitt anlegg i Kjevikdalen i Lindås.

Køyreforholda var vanskelege søndag ettermiddag.

– Det er dårlege forhold. Det ligg slaps i vegen, seier Sæle.

Alle naudetatar var raskt på staden. Avisa Nordhordland sin journalsit observerte fire brannbilar, tre ambulansar og fleire politibilar på ulykkesstaden.

Vegen vart sperra og det oppsto køar på begge sider.

– Politiet er på staden kor dei har gjort avhøyr, tatt oppmålingar og bilder av ulykkesstaden. Vegen er no delvis stengd, og det er manuell trafikkdirigering. Alle tre bilane må fjernast med bilberging, seier Knut Dahl-Michelsen ved Vest politidistrikt sin operasjonssentral i Bergen til BA klokka 15.40.

Kommentarer til denne saken