Tastefeil i India stoppa produksjonen på Mongstad

I 2014 skal produksjonen ved Statoil sitt raffineri på Mongstad ha blitt stoppa på grunn av ein tastefeil av ein IT-arbeidar i India. Arkivfoto

I 2014 skal produksjonen ved Statoil sitt raffineri på Mongstad ha blitt stoppa på grunn av ein tastefeil av ein IT-arbeidar i India. Arkivfoto

Av
Artikkelen er over 2 år gammel

Sikkerheita ved Statoils anlegg er fleire gonger sett i fare etter at drifta av datasystem blei sett ut til eit selskap i India, viser fleire interne rapportar.

DEL

Etter at Statoil i 2012 sette bort IT-arbeidet har det vore fleire potensielt farlege situasjonar på Statoil sine anlegg og plattformer. Det viser interne rapportar NRK har fått tilgang til.

NRK har funne dokumentasjon på 29 hendingar kvar indiske IT-arbeidarar har brote barrierar til plattformer, landanlegg og sentralt i Statoil – men fleire kjelder opplyser til NRK at omfanget er mykje større.

LES OGSÅ: Statoil Mongstad evakuert etter gassalarm

Blant anna skal ein IT-arbeidar i India ha stoppa produksjonen på Statoil sitt oljeraffineri på Mongstad i 2014 på grunn av ein tastefeil, og i ein periode same år hadde over 100 tilsette i det indiske selskapet tilgjenge til heile Statoils dataanlegg.

– Vi driv ikkje akkurat med sjokoladeproduksjon. Blir det gjort det feil her, kan det fort oppstå svært farlege situasjonar, seier hovudverneombod Erik Neverdal.

Statoils informasjonsdirektør Bård Glad Pedersen, seier at dei etter hendinga på Mongstad har gjennomført fleire tiltak.

– Førebels har dette berre ført til økonomiske tap, men det kan fort føre til menneskelege tap, seier hovudtillitsvalt Jan Eirik Feste ved Mongstad.

Det Indiske selskapet HCL Technologies vil ikkje svare på spørsmål, men skriv i ein e-post til NRK at HCL og Statoil med suksess har jobba saman i fire år. (NPK)

Artikkeltags