Sykkelarrangement fører til vegstenging

Fredag er det Tour of Norway for kids i Knarvik. Her eit bilde frå fjorårets arrangement. Arkivfoto

Fredag er det Tour of Norway for kids i Knarvik. Her eit bilde frå fjorårets arrangement. Arkivfoto

Artikkelen er over 3 år gammel

Tour of Norway for Kids i Knarvik fredag.

DEL

Fredag skal det arrangerast Tour of Norway for kids i Knarvik.

Arrangementet er i regi TV 2, Norges Cykleforbund og lokale sykkelklubbar og har som mål å profilere sykkelsporten for dei aller yngste.

I Knarvik fører arrangementet til trafikale utfordringar fredag.

– Parkeringsplassen ved Brekkeløypa vil vere stengt for annan bruk frå klokka 15.00 til ca. 21.00, opplyser Atle Vaage i ein epost til Avisa Nordhordland.

Han informerer også om at Lonsvegen blir stengt frå krysset mot Juvikstølen og mot kyrkja.

– Utrykningskøyretøy kan passera. Det vil vere vakt i kvar ende, seier Vaage.

Det pågår for tida arbeid mellom ungdomsskulen og krysset mot Juvikstølen. Her vil vegen vere open for fri ferdsel i tida sykkelarrangementet pågår for køyring til og frå Juvikstølen.

Dei som skal delta på sykkelløpet må parkere framfor Nordhordlandshallen eller på asfaltplassen nord for Knarvik ungdomsskule.

Artikkeltags