Steinras har gått over vegbana på E39

Kan vere fare for punktering.

DEL

Vest politidistrikt melde klokka 19.05 om eit mindre steinras på E39 i Lindås kommune som hadde gått over vegbana mellom Vikanestunnelen og Urdalstunnelen.

Raset skal ikkje vere stort, og vegen er ikkje sperra, men det kan vere fare for punktering om ein køyrer over steinane.

Entreprenør var i 19-tida på veg til staden for å rydde opp.

Artikkeltags