Statoil tildelte Mongstad-kontrakt på 350 millionar

Arbeidet med å oppgradere Mongstad-terminalen for å ta i mot oljen frå Johan Sverdrup-feltet vil koste over ein halv milliard kroner. Statoil har no tildelt ei kontrakt på rundt 350 millionar til Aker Solutions. Arkivfoto

Arbeidet med å oppgradere Mongstad-terminalen for å ta i mot oljen frå Johan Sverdrup-feltet vil koste over ein halv milliard kroner. Statoil har no tildelt ei kontrakt på rundt 350 millionar til Aker Solutions. Arkivfoto

Artikkelen er over 3 år gammel

Lokale leverandørar kan få oppdrag når Mongstad-terminalen skal oppgraderast for å ta i mot Johan Sverdrup-oljen.

DEL

Statoil har tildelt kontrakten for oppgradering av Mongstad-terminalen til Aker Solutions. Det melder Statoil på sine eigne nettsider.

Kontrakten har ein verdi på rundt 350 milllionar kroner og omfattar prosjektering, anskaffelsar og bygging av eit mottaksanlegg for rørskrapar for oljeeksportørleidninga frå Johan Sverdrup-feltet.

LES OGSÅ: Her skal Statoil Mongstad bruka over ein halv milliard kroner

Lokale underleverandørar

Arbeidet omfattar også oppkopling av Johan Sverdrup-oljerøyrleidningen til dei eksisterande fjellagra på Mongstad-terminalen.

Sjølv om det er Aker Solutions som har fått kontrakten, kan lokale leverandørar no få viktige oppdrag.

– Arbeida på Mongstad vil starte i begynnelsen av 2017, og dette vil innebere moglegheiter for lokale leverandørar i Mongstad-området, seier Kjetel Digre, prosjektdirektør for Johan Sverdrup i Statoil.

Det er til no tildelt kontrakter til ein samla verdi av over 60 milliardar kroner på Johan Sverdrup-feltet. Ifølge Statoil har over 70 prosent av kontraktane gått til norske leverandørar.

Raffinering i utlandet

Kvar oljen frå Johan Sverdrup-feltet skal raffinerast har vore eit omdiskutert tema. Statoil hadde først planar om å gjere dette på Mongstad, men det ville krevje oppgraderingar for mellom seks og sju milliardar kroner.

LES OGSÅ: Droppar Sverdrup-raffineringa på Mongstad

For eit år tilbake vart dei planane lagt på is. Oljen skal no skipast ut til utlandet for raffinering. Politisk blir det framleis lokalt kjempa for at Statoil må snu og raffinere oljen på Mongstad.

Artikkeltags