Statoil fasar ut kraftvarmeverket på Mongstad

Kraftvarmeverket på Mongstad, som vi ser her, er ikkje lønnsomt i drift og blir fasta ut dei to neste åra. Foto: Statoil

Kraftvarmeverket på Mongstad, som vi ser her, er ikkje lønnsomt i drift og blir fasta ut dei to neste åra. Foto: Statoil

Av og

Fleire år med ulønnsam drift tvingar fram utfasing.

DEL

Ver heime sjølv om du er borte. Lokale nyheiter - 5 kr for 5 veker

Det er Statoil sjølv som i ei pressemelding opplyser at kraftvarmeverket på Mongstad no blir fasa ut.

– Bakgrunnen for avgjerda er at kraftvarmeverket har hatt mindre utnytting enn planlagt fordi dampbehovet på Mongstad har vore lågare enn då verket blei planlagt. Det har ført til at vi har tapt mykje på drifta og grep for å justere aktiviteten var uunngåeleg, seier Statoil-direktør Grete Haaland i pressemeldinga.

Kraftvarmeverket på Mongstad blei etablert i 2010 for å betre energieffektiviteten til raffineriet, og for å sikre elektrisitetforsyning til industrien, norsk sokkel forøvrig og andre forbrukarar i regionen.

LES OGSÅ: Olje frå nytt felt til Mongstad

Delar av gassen som har blitt brukt til kraftvarmeanlegget har blitt levert gjennom ein eigen avtale med Troll-lisensen. Mongstad-raffineriet og partnarane i Troll-lisensen er no einige om at den eksisterande gassavtalen blir sagt opp med verknad frå 31. desember 2018, blir det opplyst av Statoil.

Kraftvarmeverket skal drivast som i dag fram til gassforsyninga i den eksisterande avtalen blir avslutta. Deretter vil ordinær drift av kraftvarmeverket opphøyre.

LES OGSÅ: Omstridt kraftlinje til 1,3 milliardar kroner opna

– I denne toårsperioden vil det bli jobba med alternative varmekjelder og løysingar for ei sikker og stabil drift av raffineriet, seier Haaland i pressemeldinga.

SIGER: – Dette er ein fantastisk dag for norsk klimaarbeid og for verda, seier gruppeleiar for MDG i Hordaland, Tom Sverre Tomren.

SIGER: – Dette er ein fantastisk dag for norsk klimaarbeid og for verda, seier gruppeleiar for MDG i Hordaland, Tom Sverre Tomren. Foto:

Tom Sverre Tomren, gruppeleiar for MDG i Hordaland fylkesting, har kjempet mot dei norske gasskraftverka i meir enn 20 år.

– Dette er ein fantastisk dag for norsk klimaarbeid og for verda. Med eit tastetrykk kjem Statoil til å ta ned dei norske Co2-utsleppa med  ein prosent, seier han.

For Tomren er dette slutten på ein lang kamp.

– For meg personleg tyder dette at eit 20 år langt engasjement er krona med siger, seier Tomren, og rettar ein takk til leiinga i Statoil.

–  Hadde dei høyrd på meg og resten av miljørøyrsla for 20 år sidan hadde dei spart milliardar. Om pengane hadde vore investert i vindkraft og bølgekraft hadde Norge vore verdsleiande på fornybar energi. Det er vi ikkje, men det kan vi bli, seier han.

Miljøorganisasjonar jublar

Ein konsekvens av utfasinga er reduserte CO2-utslepp i storleiken 250.000-300.000 tonn per år. Det er jubelnyheiter for miljøorganisasjonane.

– No er endeleg punktum for satsing på gasskraftverk i Norge satt. Eit stort punktutslepp blir lagt ned, difor er dette ein gledens dag for klima. Satsing på fornybar energi er uansett løysinga når eit varig og utslippsfritt energisystem i Europa skal realiserast, seier leiar Marius Holm i miljøstiftinga Zero til NRK.

Sjølv om kraftvarmeverket ikkje er lønnsamt, er Mongstad-raffineriet som heilheit derimot god butikk, i 2015 gjekk drifta over tre milliardar kroner i overskot.

Testaktiviteten held fram

Teknologisenter Mongstad (TCM) opplyser onsdag at dei vil oppretthalde eit høgt aktivitetsnivå gjennom 2017, og at Gassnova, Statoil og Shell ønsker å halde fram aktiviteten ved anlegget til 2020.

– Vi vil halde fram med testing med raffineri-røykgass og jobbar med å finne alternative løysingar for å erstatte kraftvarmeverk-kjelda, seier administrerande dirketør i TCM, Røy Vardheim i ei pressmelding, og legg til at dei reknar med å finne ei god løysing på dette.

Artikkeltags