Stabbur brann ned til grunnen skjærtorsdag

Artikkelen er over 3 år gammel

Brannvesenet klarte ikkje å redde bygget.

DEL

Eit stabbur på mellom 50 og 60 kvadratmeter i Lurevegen på Seim brann ned til grunnen i 18-tida skjærtorsdag.

– Dette er det byggeigar kallar eit gammalt stabbur. Bygget var overtent då vi kom fram, og no held vi på med ettersløkking, seier vakthavande brannsjef i Lindås og Meland brannvern, Ståle Hauge, til Avisa Nordhordland. 

Brannvesenet vart varsla klokka 1758 og var på staden allereie klokka 1808. Det var likevel ikkje raskt nok til å redda stabburet, som då var slukt av flammane.

Det kunne ha vore spreiingsfare til andre bygg på garden. Hovudhuset ligg ifølge Hauge 12-15 meter frå stabburet. 

– Dei som bur her har gjort ein god jobb med å avverga spreiing til nabohuset. Dei starta raskt med å kjøla ned bustadhuset med hageslange. No er det lite vind og slik sett liten spreiingsfare, men dei har likevel gjort ein god jobb, rosar Hauge.

Veit de noko om brannårsaka?

– Det veit vi ingenting om. Det er politiet som etterforskar det. Vi konsentrerer oss om ettersløkking og sikring av branntomta, seier Hauge.

Også politiet har rykt ut brannen på Seim skjærtorsdag.

Artikkeltags