Sju personar evakuert etter brann i Knarvik i natt

Det var i dette bufellesskapet i Knarvik ei leilegheit begynte å brenne natt til tysdag.

Det var i dette bufellesskapet i Knarvik ei leilegheit begynte å brenne natt til tysdag. Foto:

Ei leilegheit i eit bufellesskap stod i fyr og flamme natt til tysdag. Brannen spreidde seg, og no er berre fire av sju leileghetier mogleg å bu i.

DEL

Det var rundt klokka 03.30 at naudetatene blei varsla om ein brann i eit bufellesskap i Knarvik, Nordhordland. Brannen skal ha starta i ein bod inne i ei av leilegheitene i andreetasje.

– Ein person har status som mistenkt i saka, men der er ikkje gjort nokon pågriping, seier operasjonsleiar i Vest politidistrikt, Tatiana Knappen, til Avisa Nordhordland. Ho seier det er fleire teikn som kan tyde på at brannen er påsett, og det skal ikkje vere snakk om matlaging.

NRK melder 09.49 om at det er ein bebuar som skal ha status som mistenkt.

Først var det ein automatisk brannalarm som blei utløyst, så blei det konstatert brann i ei av dei øvste leileghetene i bufellesskapet.

– I natt vart sju personar i tillegg til ein tilsett evakuert til Såtabu, som ligg like ved desse bustadene. Der fekk dei tilsyn av helsepersonell. Dei blir framleis tatt vare på av helsetenester, medan eigedomsavdelinga i kommunen ser på det byggtekniske i området. Det er vass-skadar på to leilegheiter i tillegg til eit personalrom, seier Ståle Hauge i Nordhordland brann og redning til Avisa Nordhordland.

Det skal ha vore mykje røyk, og bebuarane trong bistand for å komme seg ut. Totalt sju personar blei evakuert ut av bufellesskapet.

– Sprinklaranlegget i bygget blei utløyst, og det er ein god del vannskadar, stadfestar operasjonsleiar Knut Dahl-Michelsen i Vest politidistrikt.

Like før klokka 04 melde brannvesenet at brannen var sløkt.

Operasjonsleiar Dahl-Michelsen fortel at det er funne nokon ting på staden som tyder på at brannen er påsatt.

Fem store brannbilar, med blant anna lift frå Åsane, var i natt på staden. Også tre ambulansar, legevaktbil samt tre politibilar inkludert kommandobilen, rykte ut til brannen.

Artikkeltags