Sist var det minishow på sjukeheimen - no blir det skikkeleg sirkus

Høgthengande damer med imponerande kroppskontroll er noko av det Cirkus Agora lokkar med.

Høgthengande damer med imponerande kroppskontroll er noko av det Cirkus Agora lokkar med. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

Cirkus Agora kjem i helga til Knarvik.

DEL

Jan Kjetil Smørdal og Cirkus Agora er i år tilbake på landevegen. Denne helga kjem sirkuset til Knarvik med to forestillingar, laurdag og søndag. 

Sirkusdirektøren lovar eit forrykande show for dei som tar turen. 

– Det blir mange unge kjempeflotte mennesker som vil stråle i manesjen, seier Jan Kjetil Smørdal til Avisa Nordhordland.

– Kva vil du trekke fram?

Vi har ein fantastisk sjonglør frå Tsjekkia. Han strålar i manesjen; sjonglerer med det som sjonglerast kan!

Andre innslag?

Eit morsomt hundenummer med hundar som lograr. Helena frå Slovenia som har nummeret er strålande vakker, seier sirkusdirektøren.   

Besøkte sjukeheim sist

Cirkus Agora vart etablert i 1989 og turnerte rundt land og strand i ei årrekke.

I 2008 gjekk sirkuset konkurs, men det starta opp igjen året etter. Smørdal & co turnerte då ein periode under sjangeren nysirkus, utan dyr i manesjen.

Etter 2009-sesongen gjekk sirkuset igjen konkurs, men trass i motgang har Smørdal ikkje lagt vekk draumen om å livnære seg av brød og sirkus. 

Han har sjølv halde kunstane ved like og turnert i mindre format utan bilar, dyr og telt.

I mars i fjor showa Smørdal og artistar mellom anna på Masfjorden sjukeheim.

– Slepp skeiv ferjekai

No er det derimot skikkeleg sirkus igjen, og Smørdal har store forventningar til Knarvik-besøket. Sist sirkuset var i Knarvik var heilt tilbake i 2008.

– Eg håpar det blir veldig bra. Knarvik har tradisjonelt vore ein veldig bra besøkt plass. Her er det eit stort omland, og no får vi stå på grusbana og slepp ferjekaia som er så skeiv at ein trillar ut av manesjen, seier Smørdal.

Mange forbind sirkus med elefantar, men den tid er forbi. I fjor haust vart det innført elefantforbod på sirkus.  

– Alt har si tid. Det er veldig mange som har meiningar om det, så eg synest det er greit, seier Smørdal om det nye regelverket. 

Smørdal & Co er på Osterøy fredag. Etter besøket i Knarvik i helga går turen til Matre før heimfylket Sogn og Fjordane står for tur.

Artikkeltags