Sanitet-gåve bidrog til ny sansehage

Sansehage: Den nye sansehagen til Lindås Bu og Servicesenter.

Sansehage: Den nye sansehagen til Lindås Bu og Servicesenter. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

Lindås bu- og servicesenter har fått ny sansehage. Måndag 29. mai blir det opningsfest.

DEL

Det opplyser avdelingsleiar Kristin Fjeld Arvidsson ved Lindås bu- og servicesenter til Avisa Nordhordland.

– Prosjektet kom i stand etter eit ønskje frå tilsette ved Lindås bu- og servicesenter om å få bygt ein sansehage. Ønskjet vart fanga opp av Lindås Sanitetsforening som i februar 2013 valde å gje kr 250.000 for å få etablert hagen, seier Arvidsson.

Fram til 2013 var det ifølge Arvidsson utført ein del førebuande arbeid i regi av kommunen, men det eksisterte ikkje konkrete planar eller var avsett budsjettmidlar til gjennomføring.

Men med den rause gåva frå Saniteten kom også Lindås kommune på bana og bidrog med resterande midlar. Kostnadane kom på 750.000 kroner, ifølge Arvidsson.

– Sansehagen skal vere ein stad der bebuarane kan vere ute, oppleve frisk luft og natur i trygge omgivnader. Og ein stad der bebuarane kan delta i utaktivitetar, oppleve sansesstimuli og få ei oppleving av meistring, seier Arvidsson.

– Vi har no fått ein nydeleg hage som vert nytta mykje og ønskjer å takke alle som har vore med i prosessen med å realisere hagedraumen, seier Arvidsson.

Måndag 29. mai blir det offisiell opning, grilling, kaffi og kaker og underhaldning.

Artikkeltags