Samtlege politikarar er klokka 18 i kveld invitert til oppstartsfest for kommunesamanslåinga mellom Lindås, Meland og Radøy.

Arrangementet er på Nordhordland folkehøgskule, der det blir tapas, kaffe og kaker for dei inviterte.   

I alt er det 83 politikarar i dei tre kommunestyra; Lindås 31, Meland 27 og Radøy 25.

Ingen saker skal til behandling.

Ordførarane i dei tre kommuane skal fortelle om sine tankar om den nye kommunen.

Rådmennene vil deretter berette om det administrative arbeidet og prosessen for å få til samanslåinga, før fylkesmann Lars Sponheim skal oppsummere. 

Det blir musikalske innslag frå kulturskulane i alle dei tre kommunane, samt av Kjersti Wiik, Frode Skag Storheim og Linda Røyseth Sandhåland.

Konferansier for kvelden er Sigrid Arven Storheim frå Radøy ungdomsråd.