Samla trillebårer med søppel på kun 200 meter

På 200 meter ved Vågseidvatnet plukka kvinna fleire trillebårer. Foto: Privat

På 200 meter ved Vågseidvatnet plukka kvinna fleire trillebårer. Foto: Privat

Artikkelen er over 2 år gammel

– Vi skit i eige reir, meiner Nh-lesar.

DEL

Den stranda kvalen som døydde med magen full av plast og stranda på Sotra tidlegare i vinter sjokkerte mange.

Saka resulterte i at det blei sett i gang boss-rydde-aksjonar over heile landet. Også i Nordhordland har folk plukka boss, både i mindre aksjonar og på eige initiativ.

For ein kvinneleg lesar blei saka med den døde kvalen ein vekkar.

– Eg bur ikkje ved havet, men ved ein veg. Eg tok med ei trillebår og ein bossekk og gjekk ca. 200 meter langs vegen og plukka søppel, seier ho.

– Vi skit i eige reir

Kvinna har sendt oss fleire bilder av «fangsten».

– Dette er berre på nokre hundre meter her ved Vågseidvatnet. Synest det er sjokkerande kva folk kastar ut av bilvindua, skriv ho i ein epost til Avisa Nordhordland.

No krev ho at nordhordlendingane skjerpar seg. 

– Det må ei haldningsendring til. Og vi må rydde opp. Viss alle ryddar i sitt nærmiljø, vil det i alle fall hjelpe litt. Vi skit i eige reir. Håpar de kan fokusere på problemet, seier ho. 

Kvinna vil ikkje stå fram med namn i avisa.

Tips oss

Avisa Nordhordland oppfordrar alle lesarar om å nytte søppelspann og handtere avfall slik det skal.

Kjem du over unormalt mykje søppel i naturen eller gjennomfører du ein aksjon, liten eller stor? Då ønsker vi svært gjerne at du tipsar oss. Du når oss på redaksjonen@nordhordland.no, tlf. 916 20 916, Facebook eller ved å sende sms med kodeord NHTIPS til 2005.

Du kan også komme innom lokala våre i Knarvik senter i opningstida kl. 08-16 - men helst utan søppel...

Artikkeltags