Det seier Geir Vangsnes i Kreftforeninga. Torsdag kunne han ta i mot sjekken på 122 116 kroner frå aksjonen «Du er ikke alene» frå initiativtakar og pådrivar Herman Titlestad.
Saman med dei andre pensjonistane som driv museet på Mongstad starta han aksjonen i september med å kontakta næringslivet, og i oktober smala dei 400 menneske til eit stort arrangement i Statoilhallen på Mongstad.
I november vart aksjonen avslutta, med 181 116 kroner som resultat.
LES OGSÅ: Hermann måtte hasteopererat og var timar frå døden
Til forskning
Pengane til Kreftforeninga er øyremerka til forskning.
– I tillegg ønska vi å gjera noko lokalt, og er den andre delen av pengane delt i to, 30 000 kroner til temakafeen i Knarvik, og like mykje til å få i gang temakafe i Austrheim, seier Titlestad.
Kreftsjukepleiar Elisabeth Rahner var den første Titlestad tok kontakt med i Austrheim.
– Vi har drøymt om å få til eit sånt tiltak i Austrheim som dei har i Knarvik, og så kjem Herman dalande ned og spør kva vi manglar, seier Rahner som tek i mot gåvesjekken.
LES OGSÅ: Leif og Evy har kjent kreften på kroppen
– Dermed tok eg det opp med sjefen min, og ho ville leia arbeidet. Eg vert med, og fleire andre frivillige vert med.
8. februar startar vi opp tilbodet i Austrheim, seier Rahner nøgd. Kvar andre onsdag i månaden vert den faste møtedagen.
Temakafeen i Knarvik flyttar sin dag til den første onsdagen i månaden etter årsskiftet.
LES OGSÅ: Forsont med skjebenen
Imponerande
– Arrangementet dei hadde i oktober var utruleg flott, rett og slett imponerande, seier Vangsnes om aksjonen.
– At nokon ser det flotte arbeidet som vert gjort med kafeen her i Knarvik og vel å gje ei gåve til kafeen vil eg at dei som driv dette arbeidet skal ta til seg.
– Midlar til forskning gir håp, håp om ny behandling som kan gjera ein frisk eller leva lengre. Herman er ein skikkeleg pådrivar, det skal Nordhordland vera glad for, seier Vangsnes.
LES OGSÅ: – Eg vil berre bli frisk