Rykte ut på alarm - ingen brann

Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

«Bomtur» for brannvesenet søndag.

DEL

Lindås og Meland brann og redning rykte i 17.30-tida søndag ut til ei adresse i Vassbygdvegen på Seim i Lindås.

Bakgrunnen var ein automatisk brannalarm via vaktselskap, opplyser 110-sentralen på twitter.

Litt før klokka 18 melde 110-sentralen at det ikkje var nokon brann på adressa. Årsaka til alarmen er ukjent.

Falske alarmar har vore eit stort problem for brannvesenet, spesielt alarmar på Knarvik senter har ført til mange unødvendige utrykkingar for det lokale brannvesenet.

Brannvesenet har også assistert eit helseoppdrag i Meland søndag ifølge 110-sentralen.

LES OGSÅ: Alarmen gjekk på Knarvik senter igjen – No er brannvesenet lei

Artikkeltags