Råfrekt innbrot i Knarvik – stal smykke, pengeskap og bil

Bustadfeltet Litlevika ligg til venstre på dette bildet, bak Hagelsundbrua. Arkivfoto

Bustadfeltet Litlevika ligg til venstre på dette bildet, bak Hagelsundbrua. Arkivfoto

Artikkelen er over 4 år gammel

Tjuvane braut seg inn i einebustad og stal smykker, pengeskåp og drog i huseigaren sin bil!

DEL

Innbrotet skjedde i eit bustadfelt i Litlevika i Knarvik sentrum laurdag kveld.

– Dei som budde i huset gjekk heimanfrå i 18-tida og kom igjen like før klokka 23, så dette er ganske freidig. Det verkar som om nokon har følgt med, seier lensmann Kjell Idar Vangberg til Avisa Nordhordland.

– Kva er stole?

– Det er snakk om verdigjenstandar. Smykker og slike ting. Eit lite pengeskåp vart også stole utan at det var noko verdi i det, seier Vangberg.

Tjuvane tok også med seg bilen til huseigarane, ein Volkswagen Touran.

– Men den er kun køyrt derifrå og bort til ein parkeringsplass ved Nobina, der den er sett igjen. Det verkar som tjuvane har køyrt med den og flytta verdigjenstandane over i anna transportmiddel på parkeringsplassen, seier lensmannen.

Vangberg fortel at politiet er i gong med etterforskning.

– Vi etterforskar saka og har gjennomført ei rundspørring i området. Om nokon har sett noko, ber vi dei vera venleg å ta ta kontakt med politiet. Det kan vera mistenkelege bilar i området, for eksempel. Einebustaden ligg i ein blindveg, så dette er ikkje ein veg ein køyrer utan å ha ærend. I alle fall ikkje laurdagskvelden, seier Vangberg.

Har du tips i saka kan du kontakta Nordhordland lensmannskontor på 56 35 56 70.

Artikkeltags