Promillemistanke mot mann i slutten av 20-åra etter vinglete køyring

Artikkelen er over 2 år gammel

Køyrde vinglete mellom Alverstraumen og Knarvik.

DEL

Ein mann i slutten av 20-åra er mistenkt for promillekøyring rundt midnatt natt til 2. pinsedag. Det melder Vest politidistrikt på Twitter.

Politiet fekk melding om at ein personbil køyrde vinglete frå Alverstraumen mot Knarvik. Politiet rykte ut og fekk stoppa mannen og tok han med til legevakt for blodprøve.

Artikkeltags