Politiet vil henlegge sak mot asylbrannsikta polakk

Av
Artikkelen er over 3 år gammel

Politiet kjem sannsynlegvis til å henlegge saka mot ein 35 år gammel polsk mann som er sikta for medverknad til mordbrann i Lindås.

DEL

Ifølge NRK vil politiet i si innstilling til Statsadvokaten be om at berre to av dei tre sikta for asylbrannen i hotellet Lune Huler på Vågseidet i Lindås i desember i fjor blir tiltalt.

Mannen sin forsvarar, advokat Øivind Sterri, varslar erstatningskrav og seier at saka har hatt store personlege konsekvenser for hans klient.

Tre polske menn er sikta i saka, og det er 35-åringen som er sikta for medverknad politiet no vil fråfalle siktelsen mot. Mannen har alibi for tidspunktet brannen starta, då han var på ein firmafest.

LES OGSÅ: Vil ta ut tiltale mot tre polakkar etter asylbrannen - kan få 15 år i fengsel

Etter det NRK forstår er politiet likevel sikre på at mannen har hatt ei rolle i planlegginga av brannen, men meiner bevisa ikkje er sterke nok til å få han domfelt for medverknad.

Hotell Lune Huler skulle bli asylmottak for 40 einslege mindreårige. To dagar etter at dette blei offentleggjort, brann bygget ned til grunnen.

To personar låg og sov i hotellet då det brann. Politiet fekk tidleg mistanke om at brannen var påsett, og sikta dei tre polske menna etter mordbrannparagrafen.

LES OGSÅ: Alt om asylmottakbranen her

Artikkeltags