Politiet trudde føraren hadde stukke av

Av
Artikkelen er over 3 år gammel

Politiet rykka mandag ut til Dalsgrend i Lindås etter melding om ein hensatt bil.

DEL

Klokka 12.10 opplyste politiet at dei var på veg til fylkesveg 399 ved Dalsgrend i Lindås.

Først melde politiet om ein hensatt bil med skadar i fronten. Føraren var ikkje i nærleiken, og hendinga hadde ikkje blitt meld til politiet.

Kort tid seinare var saka oppklart. Ein buss hadde rygga inn i personbilen, og førarane stod berre eit lite stykke unna.

– Det var altså ingen dramatikk. Dei heldt berre på med skademeldinga, seier operasjonsleiar Jan Tore Heggholmen i Vest politidistrikt til BA.

Tips Oss
TLF: 916 20 916 Mail: Redaksjonen@nordhordland.no SMS/MMS NHTIPS til 2005

Artikkeltags