Gå til sidens hovedinnhold

Politiet fekk meldingar om kappkøyring i forkant av ulykka

Artikkelen er over 5 år gammel

Vitner tipsa politiet om kappkøyring i forkant av trafikkulykka.

Det seier operasjonsleiar i Vest politidistrikt Morten Kronen til Avisa Nordhordland.

– Vitner på staden oppfatta det som om det var kappkøyring mellom ein Tesla og ein Audi, seier Kronen til Avisa Nordhordland.

Teslaen skal ha vore ein av dei tre bilane som var involvert i kollisjonen. Føraren av Audien vart raskt kontakta av politiet og er no sjekka ut av saka.

– Politiet har vore i kontakt med bilføraren av Audien. Det viser seg at han har foretatt ein førbikøyring, og har ingen tilknytning til Teslaen, seier Kronen.

– Vedkommande høyrde om ulykka, snudde og køyrde tilbake, og er sjekka ut av saka, det er status no, seier han.

LES OGSÅ: To personar sat fastklemd etter alvorleg ulykke

I alt sju personar vart skadd då tre bilar kolliderte på fylkesveg 57 i Kjevikdalen i Lindås. Tre av desse er sende til Haukeland med det politiet karakteriserer som alvorlege skadar.

Politiet meldte om ulykka klokka 14.15. Det var glatt og vanskelege køyreforhold på staden.

Kommentarer til denne saken