Plutseleg dukka «Skam»-William opp på skulen

Av
Artikkelen er over 3 år gammel

Elevane på Knarvik ungdomsskule ante ingenting før kjendisen stod føre dei.

DEL

– Eg fekk heilt sjokk. Eg visste ikkje kva eg skulle seia, og tenkte berre «oh my god», seier Ingrid Simmenes (15) til BA.

Ho var ein av dei heldige elevane i tiandeklasse på Knarvik ungdomsskule som fekk møte kjendisen.

Thomas Hayes, som han eigentleg heiter, har sjarmert mange nordmenn i TV-serien Skam på NRK.

No er han blitt ambassadør for stiftinga MOT, og i forrige veke dukka han opp på ungdomsskulen i Nordhordland for å skape blest om dette.

Spurte om han var singel

Ingen av elevane i tiandeklassa visste om påfunnet på førehand. Elevane fekk då bilder med han og stille spørsmål.

– Eg spurte om han er singel. Eg måtte berre, seier Simmenes og ler.

– Svaret blei?

– Han er singel.

– Men, han er jo nokre år eldre enn deg?

– Eg tenkte ikkje så mykje over det, fortel 15-åringen.

Thomas Hayes blei svært populær etter to sesongar som William i «Skam». I august kunngjorde han at han sluttar i serien. Han sa då til VG at han ikkje hadde lyst til å fortsette å vere «Skam-William», men ville utvikle seg som skodespelar og bli kjent gjennom sitt eige namn.

Simmenes, som bur i Alversund, synest det er synd at Hayes slutta i NRK-serien. Ho gler seg likevel over at han no skal spele i ein ny thrillerserie på TV3, som heiter «Elven».

Har følt presset

Thomas Hayes er ein av fleire kjende fjes som frontar MOT, ei stifting som skal styrke ungdom si bevisstheit og mot – til å leve, til å bry seg og til å seie nei.

Elevane fekk stille han fleire spørsmål og deltok i ein leik, der Hayes stilte fleire spørsmål for å få til refleksjon rundt tematikken som MOT jobbar med.

– Det er veldig fint at han er blitt MOT-ambassadør. Han er kjendis og går fram som eit bra førebilete, meiner Simmenes.

TV-kjendisen fortell at han sjølv har opplevd kor tøff ungdomstida kan vere.

– Mi erfaring er at mange opplever eit stort press. Det handlar mykje om ytre krav om å oppnå ting som prestasjonar på skule, riktig jobb, utsjånad og så videre. Mange er redde for å vere annleis, for kanskje å bli gjort narr av. Derfor er det viktig å forstå og respektere andre sine haldningar og bakgrunn, seier Hayes ifølgje ei pressemelding.

Artikkeltags