– Paraglider sit fast i fjellet

Av
Artikkelen er over 3 år gammel

Det opplyser 110-sentralen.

DEL

Det opplyste 110-sentralen mandag ettermiddag.

– Vi har fått melding via AMK om at ein paraglider skal ha blitt skadd ved Vågseidet i Lindås, seier politiets operasjonsleiar Bjarte Rebnord til BA.

Politiet fekk melding om hendinga klokka 18.15. Brannvesen, politi og luftambulanse rykka ut til ulykkesstaden.

Blei sittande fast

– Ulykka skal ha skjedd i samband med ei landing som har skjedd for fort og for hardt, opplyser politiet.

Deretter skal paraglideren ha falle ned ein skrent og blei sittande fast i fjellet. Paraglideren blei henta opp av brannvesenet.

Uvisst skadeomfang

Klokka 18.50 melde 110-sentralen at personen var tatt hand om av luftambulansen og at brannvesenet returnerte.

– Paraglideren blir flydd til Haukeland sjukehus. Skadeomfanget er uvisst, men etter kva vi har forstått var personen vaken og bevisst. Det er for tidleg å seia noko om alvorlegheitsgrad, seier operasjonsleiar Rebnord.

Politiet gjer no undersøkingar på staden.

Artikkeltags