NRK-Sølve frå Knarvik får mediemålspris

Journalist i NRK Hordaland, Sølve Rydland frå Knarvik, er tildelt pris for sin solide nynorsk. Pressefoto

Journalist i NRK Hordaland, Sølve Rydland frå Knarvik, er tildelt pris for sin solide nynorsk. Pressefoto

Artikkelen er over 3 år gammel

Alf Helleviks mediemålpris for 2017 er tildelt Sølve Rydland i NRK Hordaland frå Knarvik.

DEL

Det opplyste Det Norske Samlaget i ei pressmelding denne veka.

Sølve Rydland er 33 år og kjem frå Knarvik.

NRK-journalisten har sidan han gjekk på Nynorsk mediesenter i 2005/2006 vore knytt til NRK Hordaland. Fyrst som tilkallingsvikar i studietida og seinare journalist, kommentator, vaktsjef og reportasjeleiar.

I grunngjevinga for tildelinga heiter det:

«Rydland er ein god og allsidig journalist. Nynorsken er stødig i alle situasjonar, og han er eit godt språkleg førebilete for kollegaer og lyttarar. Nynorsk, og spesielt normert talemål, er under press og Rydland bidreg til å dempe dette presset.»

Frå i år vart Rydland tilsett som digital historieforteljar i NRK Hordaland og arbeider med fakta og dokumentar for nettpublisering. Her vert både tekst, lyd, bilete og video brukt.

«Når publiseringsformene endrar seg og smeltar saman vert det endå viktigare med gode nynorskbrukarar, både munnleg og skriftleg.», framhevar juryen.

Prisen er på 25.000 kr og blir delt ut torsdag 27. april i Oslo under årsmøtet til Det Norske Samlaget.

Nemnda som deler ut Alf Helleviks Mediemålpris er samansett av Sigvart Østrem, Inger Størseth Haarr og Magni Hjertenes Flyum. Tildelinga var samrøystes.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken