Gå til sidens hovedinnhold

Norsk Gjenvinning må legga ned - 30 misser jobben

Artikkelen er over 5 år gammel

Åtte uker Nh+ til kun 49 kr - Bestill her!

Det melder Strilen tirsdag ettermiddag.

Nedlegginga betyr at nær 30 tilsette mister arbeidet sitt skriv avisa.

– Norsk Gjenvinning Industri AS fekk ikkje fornya kontrakt om Total Waste Management med Statoil på Mongstadbase. Grunna bortfall av kontrakten vil det ikkje vere berekraftig å driva Mongstad-anlegget vidare. Leiinga beslutta difor tidlegare i år å avvikla verksemda, seier kommunikasjonssjef Annica Fiedler til avisa.

Fiedler stadfestar nedlegginga på ei tekstmelding overfor Avisa Nordhordland.

Gigantindustri

Anllegget vert stengt frå 26. mai 2016 når dagens vedlikehaldskontrakt med Statoil-raffineriet går ut.

Det har ikkje lukkast Avisa Nordhordland å komma i kontakt med Fiedler tirsdag kveld.

Norsk Gjennvinning Industri på Mongstad hadde ifølge regnskapstall.no driftsinntekter på 391 millionar kroner i 2014, som er siste tilgjengelege rekneskap. Årsresultatet vart då knappe 9 millionar kroner.  

 

Selskapet Norsk Gjenvinning har kontoradresse på Lysaker i Oslo og har driftsinntekter på svimlande 1,983 milliardar kroner når alle verksemdene er med. Årsresultatet i 2014 var 109,6 millionar kroner.

Bankfilialar legg ned

Nordhordland-regionen har i det siste opplevd fleire kjedelege nyhende frå industrien, og spesielt knytt til oljenæringa.

Tidleg på nyåret gjekk tradisjonsrike Fedje Mekaniske Industrier konkurs og ca. ti arbeidsplassar gjekk tapt.

LES OGSÅ: Tradisjonsrik industribedrift har slått seg sjølv konkurs

Framo Flatøy meldte tidleg i mars at dei skulle kutte 60 nye arbeidsplassar. Det kom på toppen av ei nedbemanning på 30 i fjor.

LES OGSÅ: Framo Flatøy kuttar 60 nye arbeidsplassar

I banknæringa har Sparebanken Vest varsla nedlegging av filialane på Manger og Mastrevik, medan DNB fjerna kontoret i Knarvik.

LES OGSÅ: Sparebanken Vest kuttar i Nordhordland

LES OGSÅ: DNB-kontoret i Knarvik forsvinn

Kommentarer til denne saken