No kjem Leo Ajkic til Knarvik

Populære Leo Ajkic skal på eit møte i Nordhordlandshallen 31. oktober snakke om korleis vaksne og unge må vere for at barn og unge skal kjenne seg trygge. Her avbilda under nominasjon til årets Gullruten på Østbanehallen i Oslo.

Populære Leo Ajkic skal på eit møte i Nordhordlandshallen 31. oktober snakke om korleis vaksne og unge må vere for at barn og unge skal kjenne seg trygge. Her avbilda under nominasjon til årets Gullruten på Østbanehallen i Oslo. Foto:

Av

31. oktober kjem NRK-profilen Leo Ajkic til Knarvik og Nordhordlandshallen.

DEL

Lokale nyheiter - 5 kr for 5 veker

31. oktober inviterer Lindås kommune ungdomar og vaksne til eit nytt temamøte. På plakaten denne gong: Leo Ajkic om kjærleik og inkludering.

Korleis må vaksne vere for at barn og unge skal ha det godt og kjenne seg trygge? er spørsmålet som blir eit gjennomgangstema under møtet.

I mars vart proffane i Forandringsfabrikken utfordra på dette spørsmålet. No kjem Leo Ajkic for å dele sine tankar om kjærleik, inkludering og det å kjenne seg utanfor.

– Det var utruleg kjekt å sjå at mange fann vegen til det aller første temamøtet vårt i mars. Vi reknar med fullt hus denne gongen også, og inviterer difor til det største møtelokalet vårt, Nordhordlandshallen, seier kommunalsjef for oppvekst, Kristin Moe i ei pressemelding frå Lindås kommune.

Håpar ungdom møter

I 2016 samla politikarane seg om ein kvalitetsplan for oppvekst. Hovudmålet bak tiltaka i planen er å leggje til rette for ein trygg oppvekst, der alle kan delta, meistre og lære.

Eitt av tiltaka i planen er å invitere til to større temamøte kvart år. No står altså det andre temamøtet i 2017 for døra, og denne gong har kommunen invitert ein kjendis – som verkeleg har noko på hjartet.

– Vi håpar sjølvsagt at ungdomane sjølv kjem, men møtet er ope for alle. Vi trur at dette kan vere eit inspirerande møte for foreldre og føresette, tilsette i kommunen, frivillige lag og organisasjonar og andre som jobbar med og er opptatt av ungdom, seier Moe.

Lagde NRK-program

Dette er ikkje første gong NRK-profilen er på besøk i Lindås kommune. Hausten 2016 lagde Ajkic ein episode frå Lindås i programmet Flukt, der tema var frykt i lokalmiljøet i forbindelse med asylmottakbrannen på Vågseidet. Programmet vart vist i januar i år.

– Ein tenker ofte grupper og veldig generaliserande. Men når ein vert kjend med folka, er alt ofte annleis. Då oppdagar ein gjerne at dei har jo same grunnverdiane som eg og deg har, sa Leo Ajkic til Nh då.

Artikkeltags