No gir Motorsenteret gass igjen i nye lokaler

Erlend Titland og Motorsenteret har etablert ny butikk i Reikerås-bygget ein månad etter at butikken gjekk konkurs og flytta ut av Knarvik senter. Foto: Randi Bjørlo

Erlend Titland og Motorsenteret har etablert ny butikk i Reikerås-bygget ein månad etter at butikken gjekk konkurs og flytta ut av Knarvik senter. Foto: Randi Bjørlo

Artikkelen er over 4 år gammel

Opna butikk i nye lokaler ein månad etter konkursen.

DEL

6. november kunne Avisa Nordhordland melda at Motorsenteret var konkurs og flytta ut av Knarvik Senter.

Måndag opna butikken på nytt i Reikerås-bygget i Knarvik, på andre sida av E39.  Det offisielle namnet no er Motorsenteret-Limo.

– Her er det heilt andre føresetnader med tanke på husleige og opningstider, seier dagleg leiar Erlend Titland til Avisa Nordhordland.

Også plasseringa meiner han er meir gunstig for verksemda.   

– Veldig mange vi har snakka med synes dette er ei betre plassering enn andre etasje i senteret når dei skal henta deler. No ligg vi nesten rett ved vegen, så dette er ei veldig grei plassering, seier Titland. 

LES OGSÅ: Motorsenteret har flytta til Knarvik senter.

6,2 millionar i gjeld

Då bedrifta måtte slå seg sjølv konkurs i slutten av oktober var gjelda heile 6,2 millionar kroner.

– Bankar og leverandørar må bu seg på å ta tap eller å ikkje få noko som helst, sa bustyrar, advokat Egil Horstad til Avisa Nordhordland då.

Av dei 6,2 millionane i gjeld var 2,4 millionar kroner leverandørgjeld.

– Banken har pant i varelageret. Varelageret vert seld, og banken tek alt ein sit igjen med etter det, forklarte bustyraren.

Det var totalt fem tilsette i selskapet. Tre av dei frå familien Titland, samt to eksterne tilsette, som no står utan arbeid.

Delar og olje

No tel staben tre tilsette, som på nytt forsøker å driva spesialbutikk innan motor.

– Tanken er å fokusera mest på delar og olje. Vi skal ha ein butikk med dei viktigaste varene, seier Titland.

Den daglege leiaren forventar ikkje ein pangstart sjølv om nyopninga kjem i førjulstida.

– Noko julerush har vi aldri hatt. Våre beste månader er om sommaren, seier Titland, som har halde det gåande i flytteprosessen.

– Dei faste kundane har vi allereie selt delar og olje til før vi opna, fortel Titland.   

LES OGSÅ: Mot rekordomsetnad for Knarvik senter.

Fleire år med underskot

På det meste, i 2011 og 2012, hadde butikken tett opp under sju millionar kroner i årleg omsetnad. Deretter begynte pila å peika nedover og i 2014 enda omsetnaden på drøye 5,7 millionar kroner, ifølge regnskapstall.no. 

– Eg trur ikkje vi klarar å auke den no første året, men med andre føresetnader treng vi ikkje den voldsomme omsetninga for å driva, seier Titland.

2011 var sist årsresultatet vart positivt, då med 610 000 kroner i overskot.  

Motorsenteret har eksistert sidan år 2000. Butikken etablerte seg først i Haugland-bygget. Deretter gjekk ferda til det gamle Rema 1000-bygget før dei i midten av oktober i fjor flytta inn i Knarvik senter.

Artikkeltags