No blir det slutt på drop-in på lensmannskontoret

Frå 1. mars må du bestille time på passkontoret.

Frå 1. mars må du bestille time på passkontoret i Knarvik. Her frå juni i fjor då Otto James Olsen og dottera Diana frå Mjølkeråen var i Knarvik for å få seg pass. Politiet opplevde då stor pågang frå folk busette i Bergen. Arkivfoto

Frå 1. mars må du bestille time på passkontoret i Knarvik. Her frå juni i fjor då Otto James Olsen og dottera Diana frå Mjølkeråen var i Knarvik for å få seg pass. Politiet opplevde då stor pågang frå folk busette i Bergen. Arkivfoto

DEL

Det opplyser politiet.

– Vi ønsker å gje eit best mogleg tilbod, og ha fleire tilgjengelege timar for bestillar og tar derfor no vekk timane som var reservert for drop-in-kunder, skriv Vest politidistrikt i ei pressemelding, ifølge BA.

Det blir argumentert for at passkundar på denne måten ikkje må stå i kø, og at det tar kort tid å bestille sitt pass.

– Ein vanleg kunde er som regel inn og ut av passkontoret på 20 minutt, står det i pressemeldinga.

LES OGSÅ: Bergensarane strøymer til - politiet må melda pass

Bestill tidleg

Politiet rådar alle som skal til utlandet på ferie og har behov for pass til å sjekke om dette er gyldig. Høgsesongen for bestilling av pass begynner erfaringsmessig i mai.

– Det kan bli rift om timane, og derfor kan det vere lurt å bestille tid no, før «rushtida» begynner, opplyser politiet.

Endringa skjer ved passkontora i Nordhordland, Bergen, Os, Sotra og Askøy.

– Personar med akutt behov for pass (såkalte naudpass), kan framleis få det på gitte vilkår i passkontora si opningstid.

Timar kan bestillast på politiet sine nettsider.

Artikkeltags