Mundalsbergtunnelen på E39 blir stengt i morgon kveld

Mundalsbergtunnelen på E39 i Lindås blir stengt i morgon kveld på grunn av brannøving. (Arkivfoto)

Mundalsbergtunnelen på E39 i Lindås blir stengt i morgon kveld på grunn av brannøving. (Arkivfoto)

Brannøving stenger tunnelen i tidsrommet mellom klokka 19.45 og 20.35.

DEL

Mundalsbergtunnelen på E39 i Lindås blir stengt tysdag 18. september i tidsrommet mellom klokka 19.45 og 20.30. Det varslar Statens vegvesen.

Årsaka er at vegvesenet saman med Lindås, Meland og Modalen brann og redning skal gjennomføre ei brannøving i tunnelen.

Det vil i tida 19.30-19.45 og 20.35 - 20.50 bli gjennomkøyring med ledebil. Vegvesenet varslar at det under øvinga kan bli noko synleg røyk utanfor tunnelen.

Artikkeltags