Mongstad evakuert etter nafta-lekkasje

Mongstad blir stengt ned og evakuert etter lekkasje.

Mongstad blir stengt ned og evakuert etter lekkasje. Foto:

Av , og
Artikkelen er over 2 år gammel

Lekkasje av nafta førte til evakuering på Mongstad tysdag morgon.

DEL

Det vart i morgontimane sett i verk full evakuering av raffineriet på Mongstad etter ein lekkasje av stoffet nafta.

Brannvesenet forklarte at nafta er eit svært brennbart stoff.

– Lekkasjen oppstod i ei naftapumpe klokka 0714, opplyste Jon Halstein Tjore, sikkerheitssjef i Statoil Mongstad til BA.

Alle nødetatar vart sendt til staden, men det var tidleg klart at det ikkje var snakk om personskadar.

– Vi har sendt mannskapar frå både Lindås og Austrheim brannvesen, i tillegg til alt tilgjengeleg personell frå Bergen, seier Hartvigsen.

Klokka 0750 opplyste politiet at lekkasjen var avgrensa.

Veit ikkje omfang

– Det er uvisst kor mykje som har leke ut, men vi får opplyst at det som er gått i grunnen, blir fanga opp av eigne pumper, seier operasjonsleiar Frode Kolltveit.

Klokka 0830 melde politiet at det ikkje lenger skulle vere noko farepotensial på staden.

Informasjonssjef Statoil Mongstad Jon Halstein Tjore.

Gassmålingar som er gjort på staden, har ikkje gitt noko utslag, seier vaktkommandør ved 110-sentralen Helge Lund.

På Mongstad jobbar det totalt 1100 personar.

– Heller 20 gonger for mykje enn éin for lite

Tjore seier at evakuering av tilsette vart sett raskt i gang. Det var rundt 100 tilsette inne på anlegget da alarmen gjekk.

– Arbeidsdagen har ikkje kommen skikkeleg i gang, så det var ikkje så mange inne i anlegget. Det vart starta evakuering av alt personell bortsett frå dei som høyrer til beredskapsgruppa vår, seier Tjore til BA på staden.

– Kva skjedde?

– Vi hadde ein lekkasje frå ei pumpe av stoffet nafta, som blant anna vert brukt i framstillinga av bensin, forklarer informasjonssjefen.

Det er foreløpig uklart korleis lekkasjen vart oppdaga.

– Eg har så langt ikkje oversikt over det, men det kan tenkast at det har gått ein alarm, spekulerer han og legger til at terskelen er låg for å slå slike alarmar.

– Vi evakuerer heller 20 gonger for mykje enn éin gang for lite, seier han.

– Taper de mykje pengar på dette?

– Det kan eg ikkje svare på, men vi ønsker sjølvsagt å halde ein stabil produksjon, svarer Tjore.

Klokka 0900 vart dei evakuerte sleppte tilbake inn på anlegget.

FAKTA OM NAFTA

  • Nafta er ein flytande petroleumsfraksjon som er vunne ut frå råolje eller kol.
  • Nafta brukast som nemning på fleire produkt i ei gruppe av flytande hydrokarbon.
  • Nafta-produkt kan ha kokepunkt mellom 70 og 140 °C.
  • Av nafta vert det framstilt blant anna høgoktanbensin ved såkalla reformering, i tillegg til fleire andre petrokjemiske produkt.
  • Løysemiddelet som mange privatpersonar kjenner som white spirit, er nafta.

Kjelde: Wikipedia

Artikkeltags