Millionutbytte til forsikringskundar i Nordhordland

Helge Leiro Baastad er konsernsjef i Gjensidige. Foto: Anette Karlsen, NTB Scanpix
Sjå kor mykje Gjensidige betalar ut til kundar i din kommune.
Gjensidige sine kunar i Nordhordland får 15 millionar kroner i kundeutbytte i år. I gjennomsnitt får kvar kunde utbetalt 2200 kroner. Det opplyser forsikringsselskapet i ei pressemelding.
– 2016 var eit godt år. Derfor kan vi igjen dele ut eit solid utbytte, og i Gjensidige går mesteparten av utbyttet til kundane, seier Helge Leiro Baastad, som er konsernsjef i Gjensidige i ei pressemelding.
Gulen toppar
Av dei lokale kundane er det i Gulen Gjensidige-kundane får tilbakebetalt mest. Der får dei i snitt 2633 kroner per kunde. Deretter følgjer Austrheim med 2338 kroner og Masfjorden med 2259 kroner.
Lågast snittutbetaling har kundane i Meland med 1907 kroner.
I Hordaland skal totalt 193 millioner kroner betalast ut i utbytte til kundane.
Kan søke om midlar
Gjensidige har nær 800.000 kundar i Norge, som samla får 2,1 milliardar kroner i kundeutbytte. Utbyttet tilsvarar omtrent 14 prosent av det kundene betalte i forsikring i fjor, blir det opplyst i pressemeldinga.
Utbytte-ordninga skuldast at den største eigaren i Gjensidige er den kundestyrte Gjensidigestiftelsen. Teknisk er det stiftinga som vidareformidlar sitt aksjeutbytte til selskapet sine norske skadeforsikringskundar.
Stiftinga deler også ut store midlar til samfunnsnyttige formål over heile landet. Her kan alle frivillige lag og organisasjonar søke om midlar.
Navn | Utbytte | Snitt pr. kunde | |
Meland | 2 579 818 | 1907 | |
Radøy | 1 957 532 | 2103 | |
Lindås | 5 811 066 | 2037 | |
Austrheim | 1 192 204 | 2338 | |
Fedje | 207 635 | 2209 | |
Masfjorden | 1 059 688 | 2259 | |
Gulen | 2 237 940 | 2633 | |
Sum | 15 045 883 |
Kommentarer til denne saken