Meiner namnebyttet var på tide

Leiar Svein Nordvik meiner det var på høg tid med namneskifte. – På mange måtar ga det gamle namnet føringar på kva for bedrifter som ville melda seg inn, dermed vart vi ikkje inkluderande, seier Nordvik. Foto: Irene Bratteng Jenssen

Leiar Svein Nordvik meiner det var på høg tid med namneskifte. – På mange måtar ga det gamle namnet føringar på kva for bedrifter som ville melda seg inn, dermed vart vi ikkje inkluderande, seier Nordvik. Foto: Irene Bratteng Jenssen

Artikkelen er over 3 år gammel

Her feirar Nordhordland Næringslag sitt nye namn.

DEL

Nordhordland Handverk- og Industrilag (NHIL) vart stifta i 1972, og har hatt namnet sitt sidan.

Onsdag markerte og feira organisasjonen namneskiftet dei vart einige om i vår.

– Vårt mye namn er Nordhordland Næringslag, fortel leiar Svein Nordvik.

LES OGSÅ: Tilbyr «førstehjelp» til næringslivet

Auka frå 20 til 315

Sidan stiftelsen i 1972 har talet på medlemsbedrifter auka frå 20 til 315 bedrifter, og leiar Nordvik meiner det no var på høg tid å få eit nytt namn.

– Vi har endra namnet fordi vi vil vera inkluderande. På mange måtar ga det gamle namnet føringar på kva for bedrifter som ville melda seg inn, dermed vart vi ikkje inkluderande, seier Nordvik.

LES OGSÅ: No har næringsorganisasjonen skifta namn

Han meiner det er viktig at bedrifter forstår at Næringslaget er for bedrifter i heile Nordhordlansregionen.

– Vi har alltid vore opptekne av at vi er til for heile Nordhordlansregionen, og ikkje berre ein eller to kommunar - så det er grunnen vi at vi no tek grep, seier Nordvik, som fortel at dei òg fått ny logo.

Reklamehuset laga deira nye logo.

LES OGSÅ: – Medlemsbedriftene våre ønsker storkommune

Artikkeltags