Mann gjekk på feil buss. Greip tak i rattet og slo kvinneleg bussjåfør tre gongar

Artikkelen er over 1 år gammel

Ein mann i 30-åra skal ha gått amok då han innsåg at han hadde gått på feil buss som var på veg til Knarvik.

DEL

(BA): Det var klokka 01.21 natt til søndag at politiet fekk melding om den spesielle hendinga ved Sandviksbodene.

– Mannen tok i rattet til bussen mens den var i fart, seier operasjonsleiar Per Algrøy.

Bussen skal ha køyrd inn til sida, og då skal mannen ha slått sjåføren.

Han skal også ha sparka i døren.

Bussen var på veg til Knarvik. Mannen var på feil buss og skal ha hissa seg opp då han innsåg at neste stopp var Vågsbotn.

– Mannen hadde gått på feil buss, stadfestar Algrøy.

 To passasjerer heldt igjen mistenkte til politiet kom.

Det gjekk heldigvis bra med sjåføren. Ho slapp frå det utan store skadar.

Artikkeltags