Lokale hobbyfotografar vil ta tilbake fotogleda - sjå smakebitar av utstillinga deira

Gruppa består av Laila Gangstad, Kalle Olsson, Ingmar Hindenes og Jostein Vågenes.

Gruppa består av Laila Gangstad, Kalle Olsson, Ingmar Hindenes og Jostein Vågenes. Foto:

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

Opnar fotoutstilling i Knarvik senter.

DEL

Fire lokale hobbyfotografar, med ulike fotografiske uttrykk, opnar fotoutstillinga «Fotoglede» i Galleri Oddleiv i Knarvik Senter denne helga.

Gruppa består av Laila Gangstad, Kalle Olsson, Ingmar Hindenes og Jostein Vågenes.

Medlemmene, som har kjent kvarandre i 20-30 år, mellom anna gjennom den regionale fotoklubben, tilhøyrer alle spegelrefleksgenerasjonen.

Med utstillinga vil dei ta tilbake noko av kreativiteten og fotogleda dei saknar i vår digitaliserte tid.

Like viktig å få bileta ut av filene og opp på veggen. Utsnitt, format, presentasjon, m.m. er arbeid som gir meining og glede. To av medlemmene stiller ut svart/kvitt-arbeider. God, gamaldags rullefilm er brukt og bilda er forstørra i eige mørkerom.

Ei fotoutstilling er også noko meir å strekke seg etter og den motiverer til målretta arbeid gjennom lang tid, mellom anna uteaktivitetar. Elles møtes medlemmene av og til, både rundt kaffibordet og i uterommet, og dreg på turar saman.

Opninga skjer laurdag 20. oktober og varer til sundag 28. oktober

Det blir kulturelt innslag under opninga ved Håvard Giezendanner.

Artikkeltags