Lindås-lege har fått prestisjepris

Professor og fastlege Steinar Hunskår (t.v.) er tildelt Anders Forsdahls pris 2016.

Professor og fastlege Steinar Hunskår (t.v.) er tildelt Anders Forsdahls pris 2016.

Artikkelen er over 3 år gammel

Anders Forsdahls pris 2016 til professor Steinar Hunskår

DEL

Steinar Hunskår får prisen for sin eineståande innsats for betre helsetenester i distriktet.

Hunskår er ein erfaren professor med ein betydeleg kapasitet og merittliste, og har samtidig vore i om lag 30 år i allmennmedisinen.

60-åringen er forskingsleiar ved Nasjonalt kompetansesenter for legevaktmedisin og professor II i allmennmedisin ved Universitetet i Bergen, og han jobbar deltid som fastlege i Lindås.

Tydeleg stemme

Som professor har Hunskår vore ei tydeleg stemme for kvalitetsforbetring av det allmennmedisinske faget, som betre vaktordningar, fast løn på legevakt og legevakt som del av fastlegane sine kommunale oppgåver.

Steinar Hunskår har tidlegare fått mellom anna Meltzerprisen for unge forskarar ved UiB, Nidarosprisen, Hippocrates-statuen i Polen. Han har skrive lærebok i allmennmedisin og om legevaktmedisin.

Småbruk på Sellevoll

I prisutdelingstalen vert det framheva at i juni tar Hunskår fri frå reising i allmennmedisinen si teneste. Då er han småbrukar og jobbar med jorda si på Sellevoll i Lindås.

Han vert difor omtala som ein allmennmedisinsk gartnar som får det til å gro godt uansett kor han er.

Steinar Hunskår får prisen i lag med Torben Wisborg, professor i akuttmedisin og overlege i anestesi i Hammerfest. Det kom inn heile fem nominasjonar til den tiande utdelinga av Nasjonalt senter for distriktsmedisin sin pris.

Styringsgruppa valde difor å gje prisen til to legar som vert vurderte som likeverdige – og som saman representerer sterke ledd i ei livreddande kjede. Prisen vart utdelt torsdag under festmiddagen til Primærmedisinsk veke i Oslo.

Fakta

Anders Forsdahl (1930-2006) var ein norsk lege og forskar. Han var professor i allmennmedisin ved Universitetet i Tromsø.

Forsdahl hadde gjennom si yrkeskarriere ein allsidig praksis. Han jobba på sjukehuset på Jan Mayen, som distriktslege i Tana, lege i FN-styrkane i Gaza og Kongo og var distriktslege i Sør-Varanger i tolv år.

I 1973 kom han til Universitetet i Tromsø og blei første professor i allmennmedisin.

Her forska han på årsaker til livsstilssjukdommar med utgangspunkt i lokale forhold i Finmark og publiserte fleire artiklar.

Anders Forsdahls minnepris vart innstifta i 2006 til minne om Forsdahl.

Kjelde: Wikipedia

Artikkeltags