Leverte rekordoverskot i fjor - går framleis godt

Statoil Mongstad

Statoil Mongstad

Av
Artikkelen er over 4 år gammel

Statoil Mongstad hadde ein totalproduksjon på 11,3 millionar tonn i fjor.

DEL

Etter å ha vore eit pengesluk i milliardklassen i fleire år, går endeleg Statoil sitt raffineri på Mongstad med overskot.

Resultatet før skatt blei på tre milliardar kroner i fjor, skriv Dagens Næringsiv (krev innlogging). Dette blei kjent i februar i år.

LES OGSÅ: Rekordoverskot for Statoil Mongstad

Dagens Næringsliv melder at lønnsemda er god også hittil i år.

– Ein viktig grunn til resultatet i 2015 var at vi hadde rekordregularitet. Produksjonen var på 11,3 millionar tonn. Det er den høgste produksjonen nokonsinne, seier administrerande direktør Rasmus Wille til Dagens Næringsliv. 

Han påpeikar det framleis er overskotskapasitet blant europeiske raffineri og at nokon må stenga.

– Vi arbeider for at det ikkje skal vere Mongstad, seier Wille.

Rekordoverskotet på tre milliardar tilsvarar ein halv «mong», en uhøgtideleg betegnelse på budsjettoverskridingane då Mongstad-anlegget blei utvida på 1980-talet.

Dåverande Statoil-sjef Arve Johnsen måtte gå då overskridingane nådde seks milliardar - eller altså ein «mong».

Frå 2009 til 2013 hadde Statoil Mongstad tap og nedskrivingar på rundt 17 milliardar kroner, men det siste året, mens resten av bransjen jobbar i motbakke, har det altså lysna for raffineriet.

Artikkeltags