Krasja på E39 i Knarvik

Av
Artikkelen er over 3 år gammel

Køyrde ut på hovudvegen, men såg ikkje bilen som kom køyrande.

DEL

Litt før klokka 20.30 måndag kveld skjedde det ei trafikkulykke på E39 i Knarvik sentrum. Det melde Vest politidistrikt på Twitter kort tid etter.

Ifølgje politiet skjedde ulykka då ein bil kom køyrande frå Kvassnesvegen/Osterfjordvegen og ut på E39. Føraren skal ikkje ha sett at det kom ein personbil på hovudvegen, og dermed smalt det.

– Det skjedde i hovudvegen utanfor Shell-stasjonen i Knarvik. Føraren som kom ut på vegen overheldt ikkje vikeplikta. Det vert oppretta sak, og føraren må vente seg ei bot, seier lensmann Kjell Idar Vangberg ved Nordhordland lensmannskontor.

Kollisjonen var såpass hard at begge bilane måtte fjernast av bergingsbil.

Begge førarane har blitt sjekka av ambulansepersonell og unngjekk skadar i samanstøyten.

Artikkeltags