Knut Arild Hareide med maratonprogram i Knarvik

Knut Arild Hareide møter gründerar i Dampen i Knarvik. Her skal han klokka 12 opne eit seminar om digitalisering i næringslivet i Nordhordland.

Knut Arild Hareide møter gründerar i Dampen i Knarvik. Her skal han klokka 12 opne eit seminar om digitalisering i næringslivet i Nordhordland.

Artikkelen er over 2 år gammel

Skal gjennomføre sju besøk i løpet av dagen.

DEL

KrF sin partileiar Knut Arild Hareide er i Knarvik torsdag.

Hareide får på ingen måte ein roleg dag på jobben i Knarvik. Det er lagt opp til eit omfattande program med heile sju postar på programmet.

Hareide startar dagen i Knarvik kyrkje der han får omvisning og ein mini orgelkonsert.

Deretter går turen til Lindås kommune der han skal møte rådmann Ørjan Raknes Forthun og ordførar og partikollega Astrid Aarhus Byrknes. Tema er innovative anskaffingar, og utfordringar med politikken om mindreårige asylsøkarar.

Så går turen til Industriutvikling Vest i Dampen der det blir møte med lokale gründerar og lunsj. Her skal han også opne eit næringslivsseminar om digitalisering før Hareide må haste vidare.

For då er vi berre halvvegs på programmet.

Deretter ventar besøk for å sjå på lavterskeltilbod for heimebuande demente.

Når det er unnagjort blir det bedriftsbesøk hjå den tradisjonsrike familiebedrifta Hillesvåg Ullvarefabrikk. 

Hareide rekk også eit besøk i bufelleskap for mindreårige flyktningar.

Til slutt avsluttar han dagen med besøk på Lindås statlege mottak for mindreårige flyktningar på Vågseidet.

–  Han vert her ein heil dag, noko eg set stor pris på. Det er ikkje kvar dag eg får partileiar på besøk. Dette er ikkje eit valkampstunt, men noko eg har jobba med lenge, så no lukkast dette, seier Lindås-ordførar Astrid Aarhus Byrknes til Avisa Nordhordland.

Artikkeltags