Knarvik tapte kampen om politiorganisering - Nordhordland blir underlagt Voss

Politiet i Nordhordland skal no administrerast frå Voss. Kjell Idar Vangberg har ei midlertidig lensmannsstilling og søker no andre jobbar. Arkivfoto

Politiet i Nordhordland skal no administrerast frå Voss. Kjell Idar Vangberg har ei midlertidig lensmannsstilling og søker no andre jobbar. Arkivfoto Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

Voss vann kampen om å bli geografisk driftseining framfor Knarvik.

DEL

Det er klart etter at Vest politidistrikt torsdag føremiddag sende ut ei pressemelding om den framtidige politiorganiseringa, som no er endeleg fastsett.

Det blir lagt opp til tre såkalla geografiske driftseiningar i politidistriktet. Desse blir slik:

Nordhordland vil tilhøyre Hordaland driftseining.

Det har vore eit sterkt ønske i Nordhordland, både innad i politiet og i det politiske miljøet, at kontoret i Knarvik måtte få status som såkalla GDE. 

Organiseringa betyr at politiet lokalt mellom anna mister budsjettansvaret.

Administrasjonsstad

Knarvik-kontoret blir no eit av mange som får status som administrasjonsstad for tenesteeiningar, lokalt betyr det ansvaret for kontoret i Knarvik og det nye som skal opprettast i Masfjorden.

Administrasjonsstad for tenesteeiningar vil bli:

  • Nordfjordeid i Nordfjord
  • Førde i Sunnfjord
  • Sogndal i Sogn
  • Knarvik i Nordhordland
  • Voss i Indre Hordaland
  • Odda i Hardanger
  • Husnes i Kvinnherad
  • Norheimsund i Kvam, Tysnes og Fusa
  • Os i Os og Austevoll
  • Askøy i Sotra, Askøy og Øygarden
  • Bergen sentrum
  • Bergen nord
  • Bergen vest
  • Bergen sør
     
  • LES OGSÅ: Har søkt seg vekk: Lensmann Vangberg vil til byn

Politikarane protesterte

Regionrådet i Nordhordland anka saka inn for Politidirektoratet (POD) og kravde møte med politimeister Kaare Songstad. Denne innsatsen førte altså ikkje fram.

Ifølge POD hadde kommunane ikkje anledning til å blande seg inn i organiseringa, dei skulle kun ta stilling til nedlegging av dei enkelte kontora. 

«Forslaget til val av administrasjonssteder for tenesteeiningane byggjer på det totale arbeidet med nærpolitireforma og endring av tenestestrukturen i Vest politidistrikt. Fleire aktørar og interessentar har vore involvert i arbeidet med endring av tenestestrukturen. Politidistriktet sin samansette arbeidsgruppe og deira rapport, samt risiko- og sårbarheits vurderinga (ROS-vurderinga), drøftingar i styringsgruppa, innspel frå kommunane i deira høyringssvar, har alle vore sentrale i valet av administrasjonssted for politidistriktet sine tenesteiningar.», heiter det i pressemeldinga.

Sjefane må vere mobile

– Dei  nye leierane for dei geografiske driftseiningane må vere mobile og forberedt på å reise rundt i sin driftseining. Administrasjonen til leiaren kan ha ein desentralisert plassering, der administrativ fagkompetanse er lokalisert fleire steder i den geografiske driftseininga. Dei nye administrative einingane vil ikkje medføre oppbygging av ny og større bygningsmasse eller mange nye arbeidsplasser på det staden der leiaren av den geografiske driftseininga vil ha sitt administrasjonssted. Det same gjeld for  administrasjonsstaden for dei nye tenesteeiningane, som er lensmanns- og politistasjonsdistrikta. Vi jobbar no med bemanninga av dei nye tenesteiningane i politidistriktet. Fagstillingar vil i stor grad framleis ligge ute i einingane, seier Helge Stave, prosjektleiar «Prosjekt nytt politidistrikt», i pressemeldinga.

Avisa Nordhordland har tidlegare i prosessen forsøkt å komme i kontakt med politimeister Kaare Songstad utan å lykkast.

Artikkeltags