Huseigar sløkte kjøkkenbrann

Lindås og Meland brann og redning måtte rykke ut til ein kjøkkenbrann i Alversund onsdag formiddag. Arkivfoto

Lindås og Meland brann og redning måtte rykke ut til ein kjøkkenbrann i Alversund onsdag formiddag. Arkivfoto

Artikkelen er over 3 år gammel

Brann i kjøkken onsdag formiddag.

DEL

Lindås og Meland brann og redning måtte rykke ut til ein brann på ei privat adresse ved Storesteinen i Alversund onsdag formiddag. Brannen hadde starta på eit kjøkken i huset.

Det var huseigaren sjølv som melde frå om branntilløpet. Då brannvesenet kom fram, hadde huseigaren imidlertid klart å sløkke brannen sjølv.

– Vedkommande hadde greidd å gjere tiltak som gjorde at den ikkje spreidde seg, seier vakthavande Ole Johan Ingebrigtsen til Avisa Nordhordland. 

Ifølgje Ingebrigtsen starta brannen på komfyren. Huseigaren sin raske reaksjon gjorde at han slapp billig frå det.  

– Det vart ikkje store skadar, seier Ingebrigtsen.

twitter rosar 110-sentralen i Hordaland huseigaren.

«Huseigar har gjort ein god innsats på adressa», skriv brannvesenet.

Artikkeltags