Ho fekk toppjobben og blir sjef for over tusen elevar og 180 tilsette

Kari Espelund Bruvik er ny rektor ved Knarvik vidaregåande skule. Foto: Privat

Kari Espelund Bruvik er ny rektor ved Knarvik vidaregåande skule. Foto: Privat

Artikkelen er over 2 år gammel

Ho blir sjef for over tusen elevar og ca. 180 tilsette. Kari Espelund Bruvik (48) er den nye rektoren ved Knarvik vidaregåande skule.

DEL

– Det blir ei utfordring, men eg gler meg veldig og har tru på at dette skal bli veldig bra, seier Kari Espelund Bruvik til Avisa Nordhordland. 

Ho er 48 år, kjem frå Stranda på Sunnmøre, er gift og har tre born. Ho er busett på Breistein like over Nordhordlandsbrua og er i dag assisterande rektor ved U. Phil vidaregåande i Bergen, ein skule som på langt nær er like stor som den ho no skal overta. 

– Her er vel ca. 300 elevar, så eg går frå ein liten skule der eg er veldig tett på elevane til ein veldig stor. Men eg ønsker å vera tettast mogleg på elevane også i Knarvik, seier ho.

Espelund Bruvik erstattar Øyvind Helland Oddekalv, som vart ny ordførar i Meland ved forrige val. Ho er tilsett i fast stilling. Helland Oddekalv har permisjon, men det er frå stilling i Hordaland fylkeskommune og ikkje rektorjobben. 

LES OGSÅ: – Eg kjem til å sakna jobben som rektor

Mange jobbskifter

Den 48 år gamle erstattaren er ikkje akkurat ukjend med Knarvik. Det var her ho fekk sin første lærarjobb tilbake i 1992 etter at ho var ferdig utdanna adjunkt ved Statens lærarhøgskule i Hønefoss. Sidan den gong har ho hatt ei rekke forskjellige jobbar på vidaregåande nivå og også vore tilbake i Knarvik.  

– CV-en min er lang med mange detaljar, ler Espelund Bruvik når vi begynner å nøsta i fortida.

På vidaregåande nivå har ho vore lærar i Stryn, ved Danielsen i Bergen, på Åsane vidaregåande og altså Knarvik. Innimellom alle jobbane, frå 2007 til 2009, sette ho seg på andre sida av kateteret og gjennomførte ein mastergrad i pedagogikk.

Deretter vart det også ein tur innom Universitetet i Bergen, som høgskulelektor på lærarutdanninga. Før ho igjen var tilbake i Knarvik i den faste stillinga ho hadde hatt permisjon frå i tre år. Forvirra? Det har si forklaring, skal vi tru hovudpersonen. 

– Då eg utdanna meg i 1992 var det innan økonomi og matematikk, like før reform 94. Som nyutdanna var det vanskeleg å få jobb innanfor det fagfeltet. Heile handel og kontor gjekk ned i reform 94, så eg hadde mange vikariat i fylkeskommunen. Det var ein ganske tøff periode for oss som då var utdanna i den fagkretsen, forklarer ho. 

Startar 1. august

Men nok fortid. No er det Knarvik vidaregåande som gjeld og Stranda-kvinna blir altså øvste sjef for ein av dei største skulane i fylket.  

– Kvifor hadde du lyst å bli rektor?

– No har eg vore assisterande rektor ved U. Phil sidan februar 2013. Eg har veldig lyst å vera med å utvikla skulen, for eg ser på det som veldig interessant. Eg har lyst å skapa ein god skule for elevane gjennom å leggja til rette for at læraren skal gjera ein god jobb i klasserommet. Det er motivasjonen min. Å gå eit nivå opp og kanskje i endå større grad få styra nokre prosessar og vera ein tydeleg leiar, seier ho. 

Kan du utdjupa, har du nokon spesiell filosofi?

– Eg trur eg blir ein leiar som legg vekt på pedagogisk refleksjon. Å ha samarbeid og gode dialogar trur eg dei tilsette vil merka at eg brenn veldig for, svarer ho.

Ho tiltrer 1. august og seier ho treng tid til å bli kjend med skulen frå ei ny side.

– No skal eg fullføra dette skulåret og planane her, så skal eg delta på dei tinga som Knarvik VGS har bestemt skal vera ein del av skulestart i 2016.

– Når du er lærar på ein skule jobbar du mest med dei nære tinga. Det var elevane eg heldt meg til som lærar i Knarvik, så no må eg læra Knarvik VGS å kjenna på nytt og på ein annan måte enn det å vera lærar. Det blir ein prosess eg må gå gjennom.

Samarbeid med næringslivet

Auka samarbeid med næringslivet er ei forventning blant leiarane på opplæringsavdelinga hjå eigaren, Hordaland fylkeskommune.

– Det er vi nødt til, slår ho kort og godt fast. 

Så seint som laurdag fortalde Avisa Nordhordland om den vanskelge situasjonen mange lærlingar no står overfor etter oljekrisa. 222 lokale lærlingar, frå dei vidaregåande skulane i Knarvik og Austrheim, går ei uviss framtid i møte. Kun dei færraste er garantert ein lærlingeplass.

LES OGSÅ: – Verksemdene må tenka langsiktig

– Utfordringa er å utdanna elevar til jobbar vi nesten ikkje veit kva blir i forhold til utfordringane vi har i samfunnet. Men det blir samtidig spennande. Vi må tenka nytt og framtidsretta og ha dialog med næringslivet, ikkje minst blir lærlingar viktig.

Den nye rektoren synes det er trist at ungdommen går ei usikker framtid i møte.  

– Det er veldig trist at skulen tar inn elevar som føler seg utrygge på kva dei skal gå til etter to år. Den usikkerheita har auka veldig det siste året. Dette må vi sjå på, og her må det vera ein tett dialog med fylkeskommunen også, som er instansen over.

Økonomi ikkje tema

Ho omtalar likevel sin nye arbeidsgjevar som ein god skule.

– Knarvik er ein skule som har eit godt omdømme, slik eg kjenner den. Den har litt medvind. Det er betryggande å koma til noko som har eit godt rykte.

– Korleis blir budsjettrammene, risikerer du å måtte gjennomføre kutt?

– Det er eit spørsmål eg ikkje vil kommentera no. Eg kjenner for lite til økonomien i Knarvik i dag og kan ikkje uttala meg om noko eg ikkje har sett meg inn i. Eg må få tid til å setta meg inn i situasjonen, og diskusjon om økonomiske utfordringar har heller ikkje vore tema i denne prosessen, svarar ho. 

Artikkeltags