Her får Motitech sjekk på fleire hundre tusen kroner

Motitech-gründer Jon Ingar Kjenes mottok 250 000 kroner av Børge Brundtland i Industriutvikling Vest torsdag.

Motitech-gründer Jon Ingar Kjenes mottok 250 000 kroner av Børge Brundtland i Industriutvikling Vest torsdag.

Artikkelen er over 2 år gammel

Meland-firmaet Motitech innkasserte 250 000 kroner av Industriutvikling Vest torsdag.

DEL

Gåva vart overrekt i starten av Industriutvikling Vest sitt seminar om digitalisering i Dampen torsdag.

Industriutvikling Vest skal i 2017 dele ut tre millioner kroner til gründerselskap og etablerte bedrifter i regionen som ønsker å få til noko nytt og har marknadsmoglegheiter.

Avisa Nordhordland har skrive ei rekke artiklar om det ekspanderande firmaet som satsar på videoteknologi for å aktivisere eldre på institusjonar.

I augneblinken er firmaet i ferd med å gjere forretningar i 64 land.

Motitech blir ofte trekt fram som eit av dei lokale firma med størst potensiale for vekst internasjonalt.

Det var KrF sin partileiar Knut Arild Hareide som opna seminaret i Dampen torsdag. Hareide er på Knarvik-besøk torsdag og har eit omfattande program.

Etter å ha opna seminaret skulle han haste vidare til møte med Hillesvåg Ullvarefabrikk på Hjelmås.

Tema for seminaret i Dampen er «Det digitale skiftet» i Nordhordland.

Artikkeltags