Her er Sanners siste lokkemiddel for kommunesamanslåing

– I Nordhordland, så ser vi at lokalpolitikarar tar ansvar og viser leiarskap. Det sa kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner (H) då han besøkte Mongstad-konferansen i september i fjor. Foto: Trond Roger Nydal

– I Nordhordland, så ser vi at lokalpolitikarar tar ansvar og viser leiarskap. Det sa kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner (H) då han besøkte Mongstad-konferansen i september i fjor. Foto: Trond Roger Nydal

Artikkelen er over 4 år gammel

Ny gulrot frå kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner (H).

DEL

Regjeringa til Erna Solberg (H) og Siv Jensen (Frp) pressar på for få få kommunane landet rundt til å slå seg saman så raskt som mogleg.

Det er allereie mykje omtalt at regjeringa har lagt opp til eit inntektssystem som belønnar dei som slår seg saman og straffar dei som vel å bli ståande åleine.

SJÅ VIDEO: Difor meiner Jan Tore Sanner kommunane i Nordhordland bør slå seg saman

Det er også sett frist om å slå seg saman innan 1. juli. Kommunane som ikkje gjer det risikerer å bli tvangsamanslått med komunnar ein kanskje ikkje ønsker å gå saman med etter denne datoen.

50 millionar i potten

Søndag offentleggjorde kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner (H) at regjeringa kastar ut enno ei gulrot til alle kommunane som sit på gjerdet eller er avventande.

Kommunar som fattar vedtak om å slå seg saman innan 1. juli vil få moglegheit til å søka om tilskot til vegar, breiband og andre digitaliseringstiltak.

– Nokon stadar vil små tiltak kunne knytta dei nye kommunane betre saman, seier Jan Tore Sanner i pressemeldinga.

«Gulrota» frå Sanner er sendt ut i brevs form til alle landets kommunar og fylkeskommunar.

– Kommunar som slår seg saman får god økonomisk støtte. Dette kjem i tillegg. Ordninga er eit resultat av eit godt budsjettsamarbeid med Krf og Venstre i Stortinget, seier Sanner vidare.

Det er sett av 50 millionar kroner i årets statsbudsjett til tilskotsordninga for infrastrukturprosjekt.

Også fylkeskommunar kan søka.

– Tar ansvar i Nordhordland

Det kan søkast støtte til etablering eller forbetring av vegar, breiband og «andre digitaliseringstiltak», heiter det. Det er eit krav at tiltaka må befinne seg fysisk i kommunar som har fatta vedtak om å slå seg saman.

Då Jan Tore Sanner besøkte Mongstad-konferansen i september i fjor, likte han korleis dei lokale politikarane på tvers av kommunegrensene hadde angripe kommunereforma.

– I Nordhordland, så ser vi at lokalpolitikarar tar ansvar og viser leiarskap. Mange har komme langt, både i utgreiing og nokon har også starta forhandlingar. Det handlar om å skape gode tenester for innbyggarane og legge til rette for næringsliv og vekst i arbeidsplassar. I Nordhordland ser vi at politikarane tar ansvar, sa Sanner til Avisa Nordhordland.

Ny avtale denne veka

Status i forhandlingane i Nordhordland no er at forhandlingsutvala til Lindås, Meland og Radøy er samde om ein intensjonsavtale om samanslåing. Denne er for tida ute på høyring, og i Meland skal saka opp til folkeavrøysting 23. mai. Lindås og Radøy har valt folkemøte og opinionsundersøkingar for å lodda folkemeininga.

Parallelt går det ein prosess om storkommune med alle kommunane i Nordhordland. Det er kalla inn til pressekonferanse om desse forhandlngane på Strilatun tirsdag klokka 12 denne veka. Då er det venta at alle signerer på ein intensjonsavtale om storkommune.

Om denne ser dagens lys er heller tvilsomt. Ordførarane til Austrheim (Per Lerøy), Gulen (Hallvard Oppedal) og Fedje (Stian Herøy) har allereie ytra skepsis til denne avtalen i eit intervju med BT

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken