1. Innleiing

Lindås kommune, Meland kommune og Radøy kommune tek sikte på å danna ein ny kommune frå 01.01.2020. Det er kommunestyra i kommunane som vedtar om kommunane skal slå seg saman eller ikkje.

Kommunane i Nordhordland vedtok i 2010 å setta i gong ein prosess om å greia ut endra kommunestrukturar. Dette arbeidet gav viktig kunnskap og

grunnlagsmateriale, som kommunane har hatt stor nytte av i arbeidet som vart formalisert etter Stortingsvedtaket om kommunereforma i 2014.

Dei tre kommunane gjennomførte våren 2015 ei utgreiing som skulle svara på kvifor ein skulle bygga ein ny kommune, jf. vedlegg. Utgreiinga er følgd opp etter valet hausten 2015 og denne intensjonsavtalen er eit resultat av denne prosessen.

Avtalen bygger på ein føresetnad om at ein ny kommune vil stå sterkare for å løysa utfordringane i framtida enn dei eksisterande kommunane har kvar for seg. Den nye kommunen får vel 28 000 innbyggarar og vil dekka eit areal på 679 km². Dette inneber at «Nordhordland kommune» vert den nest største kommunen i Hordaland (pr. 01.01.16) og blant dei 40 største i landet målt etter folketal. Det har også vore sentralt for oss å bygga vidare på det frivillige arbeidet som har

gått føre seg sidan 2010, og å kombinera føringane i kommunereforma med eigne idear om korleis me best tener innbyggarane sine interesser i framtida, og sikrar at Nordhordland vert ein vekstkraftig, sterk og attraktiv region.

Intensjonsavtalen som var underteikna 25.01.16 vart lagt fram for kommunestyra og det har vore ein brei medverknadsprosess i form av folkemøte, folkeavrøysting og/eller innbyggarundersøking som ein er pliktig til etter lova. Det er kvart kommunestyre som avgjer spørsmålet om folkeavrøysting, innbyggarundersøking eller anna høyringsform. Lindås og Radøy har hatt innbyggarundersøking og Meland har hatt folkeavrøysting. I prosessen har det komme inn høyringsinnspel til avtalen. Avtalen er justert noko på grunn av innspela. Det er også utarbeida eit notat der innspela er omtalt og dei vert lagt ved avtalen som fellesnemnda for den nye kommunen må følga opp.

2. Visjon

«Nordhordland kommune» skal vera ein heilskapleg samfunnsutviklar og bygga fellesskap i ein region med sterk vekst og utvikling. Me bygger ein ny kommune for å møta framtida sine utfordringar i tenestetilbodet til innbyggarar og næringsliv.

Me skal rekruttera, halda på og utvikla den beste fagkompetansen for å betra tenestetilbodet. Tenestetilbodet skal vera der brukarane bur. Den nye kommunen skal vera ein god, attraktiv felles bu- og arbeidsregion.

Målet er å få på plass ein sterkare kommune som bygger opp under innbyggarane sin felles identitet, varetek lokaldemokratiet og gjer den nye kommunen og regionen betre i stand til å ta imot fleire oppgåver, jamfør vedtak i Stortinget. Den nye

kommunen vil aktivt søka om å kunne ta på seg nye oppgåver og mynde slik at det lokale demokratiet i størst mogleg grad kan styra utviklinga i eigen kommune.

3. Verdiar, mål og prinsipp

Følgande er lagt til grunn:

  • Me skal bygga ein ny kommune.
     
  • Alle kommunar er likeverdige partar.
     
  • Me skal ha respekt for kvarandre sine tradisjonar, kulturar og sterke eigenskapar i noverande organisasjon.
     
  • Me skal ta med oss beste praksis frå kommunane inn i den nye kommunen.
     
  • Me skal bygga vidare på felles identitet og kultur.
     
  • Me skal involvere innbyggarar, tilsette og næringsliv.
     
  • Me skal ha likeverdige tenester i heile kommunen.
     
  • Me skal vidareføra lokal tenesteproduksjon der brukarane bur.
     
  • Me skal ha innbyggarrettleiing i alle rådhusa.
     
  • Me skal digitalisera dialogen med innbyggarane.
     
  • Me skal legga stor vekt på næringsutvikling og arbeidsplassutvikling.

4. Kvifor ny kommune: fordelar og ulemper

I utgreiinga frå juni 2015 vart sentrale utviklingstrekk, utfordringar og moglegheiter for regionen fram mot 2040 lagt vekt på. Det er fordelar og ulemper ved å etablera ein ny kommune. Utgreiinga peika på fordelar ved sterkare fagmiljø (t.d. innan barnevern) som sikrar rekruttering og god og spissa kompetanse, betre kvalitet og mangfald på tenestetilbodet, betre heilskapleg arealutnytting, moglegheiter til å prioritera næringsarbeid, godt jordvern samt større påverknadskraft overfor sentrale og regionale myndigheiter. Den nye kommunen vil bli ein større og meir ressurssterk kommune med betre økonomisk soliditet, og vil dermed vera betre i stand til å handtera nye og større oppgåver samt omstilling innan arbeidsmarknaden. Den nye kommunen vil stå betre rusta til å møta den kraftige veksten i innbyggartal (44 000 i 2040) med eit auka tal eldre. Nokre av ulempene vil kunne vera større geografisk avstand innan kommunen (både for innbyggarar, tilsette og folkevalde), konsentrasjon av kommunale tenester, lengre avgjerdslinjer, svekka lokalkunnskap hjå sakshandsamarar, samt lågare engasjement og politisk involvering frå innbyggarane.

5. Den nye kommunen – namn, organisering og styring

Arbeidstittel på kommunen er «Nordhordland kommune». Framlegg til namn vert gjort av felles kommunestyremøte, inndelingslova § 25. Arbeidet med kommunevåpen og -symbol startar etter at avgjerda om ny kommune er teken. Me er samde om at kommunesenteret vert lagt til Knarvik.

Den nye kommunen skal bygga vidare på den felles kulturen og identiteten som er i regionen. Nynorsk skal vera administrasjonsspråk.

Rådmann med dei mest sentrale funksjonane skal sitta på rådhuset i kommunesenteret. Rådhusa i Meland og Radøy skal ha kommunale funksjonar i den nye kommunen. Det skal vera innbyggarrettleiing i alle rådhus. Regionsenteret Knarvik vil vera kommunesenteret i den nye kommunen. Lokal- og nærsenter vil bli lokalisert på Ostereidet, Lindås, Frekhaug, Vikebø, Manger og Bøvågen. Det skal leggast til rette for vekst og utvikling med utgangspunkt i lokal identitet. Dette vil også gjelda for eksisterande bygder.

Ved vidareutvikling og organisering av den nye kommunen skal systematisk erfaringsoverføring og læring leggast til grunn. Kontinuerleg forbetring og fornying skal prega utviklingsarbeidet i den nye kommunen. Den nye kommunen skal organiserast effektivt og ha sterk folkevalt styring. Dei tre kommunane vil i tida framover aktivt søka om utviklingsprosjekt som kan bidra til å realisera visjonane for den nye kommunen. Dette kan dreia seg om tilførsel av nye oppgåver, myndigheit som i dag ligg på statleg eller fylkeskommunalt nivå, prosjekt som kan utvikla felles kultur og identitet, pilotprosjekt innanfor næring og samfunnsutvikling m.m. Prosjekta bør ha felles forankring i dei tre kommunane og dei kan også omfatta tiltak innanfor eksisterande innsatsområde i kommunane.

6. Demokratimodellen

Kommunen skal styrast etter formannskapsmodellen med politiske utval. Kommunestyret skal bestå av 47 medlemmar. Formannskapet skal ha 13 medlemmar. Kontrollutvalet skal bestå av 7 personar. Administrasjonsutvalet skal bestå av 4 politiske medlemmar og 3 medlemmar frå dei tilsette sine organisasjonar. Dei politiske medlemmene skal vera medlemmar i formannskapet. Det vert lagt opp til 4 hovudutval:

  • Oppvekst/ kunnskap/ kulturn
  • Helse/omsorg
  • Samfunn/plan/miljø
  • Næringsutvikling

I tillegg kjem lovbestemte utval og diverse råd og komitear. Fellesnemnda får i oppdrag å vurdere endeleg utvalstruktur, ansvar, oppgåver og utarbeida eit delegasjonsreglement. Det første kommunestyret evaluerer politisk organisering. Kommunestyre 47, Kontrollutval 7, Formannskap 13, Administrasjonsutval 7 (4 frå FS)

7. Prinsipp for tenestetilbod og kompetanse

Når me skal ta stilling til korleis me skal organisera dei kommunale tenestene, er det viktig å vurdera dette i lys av behovet i framtida. Ein ny kommune skal yta gode tenester ut frå dagens behov, og den skal kunna handtera framtidas utfordringar og arbeidsoppgåver

Tenesteyting

Tenestetilbodet skal vera på det same nivået som i dag. Gjeldande planar vert vidareført inntil den nye kommunen vedtek nye. Innbyggarane skal ta imot desentraliserte tenester. Heile omsorgstilbodet skal vareta at innbyggarane får nærleik til tenestene. Sjukeheimsplassar, bufellesskap, omsorgsbustader og bu- og servicesenter skal vera nærast mogleg der innbyggarane bur, for å sikra lokal identitet og nærleik til tenestene. Lokale helsestasjonar vert vidareført.

Den nye kommunen skal vera ein god oppvekst-, barne- og ungdomskommune. Ingen kommunale skular eller kommunale barnehagar skal leggast ned som følge av ei kommunesamanslåing, eksisterande skulebruksplanar vert reviderte når den nye kommunen er etablert. Skulekrinsgrenser i ein ny kommune bør følga nærskuleprinsippet.

Bibliotek, institusjonskjøkken og frivilligsentralane vert frå starten vidareført med dagens lokalisering.

Den nye kommunen vil bygga vidare på og stimulera det lokale mangfaldet som er av frivillige lag og organisasjonar innanfor kultur og idrett. Den nye kommunen vil arbeida for å realisera eit felles regionalt kulturhus.

Nordhordland har ei livskraftig kyrkje med rom for dei frivillige organisasjonane og det er eit mangfald av ulike trussamfunn. Den nye kommunen vil vidareføra samarbeidet med kyrkja og trussamfunna elles.

Den nye kommunen skal fylgja dagens lovverk – kyrkjelova – som betyr at det må opprettast eitt (1) nytt kyrkjeleg fellesråd. Kyrkja må sjølv setta i verk ein prosess med å få på plass eit nytt fellesråd.

Det vil vera naturleg å samordna kompetanse, der det er trong for å styrka kompetansemiljø- og utvikling for å sikra eit godt tenestetilbod. Den nye kommunen vil prioritera IKT i informasjon og dialog med innbyggarane, og ønsker å vera i front når det gjeld IKT i tenesteproduksjon. Omsorgsteknologi skal vera eit satsingsområde i den nye kommunen.

Eventuelle endringar skal handterast som ein planprosess med involvering/høyring. Samfunns- og næringsutvikling

Den nye kommunen skal vera ein samla nærings, arbeids- og utdanningskommune. Det er viktig at dei unge har eit godt, lokalt tilbod innan vidaregåande opplæring. Me vil arbeida for at Knarvik vidaregåande skule har eit breitt og mangfaldig tilbod.

Den nye kommunen vil arbeida aktivt for at det skal opprettast eit universitets-/høgskuletilbod i kommunen, gjerne knytt til lokalt næringsliv.

Nordhordland kommune skal motivera og støtta næringsliv og innbyggarar til utvikling av den nye kommunen.

Me vil satsa målretta på infrastruktur og heilskapleg arealpolitikk. Gjeldande kommuneplanar pr. 1.1.2020 (medrekna arealdelen) vil gjelda inntil det nye kommunestyret har vedteke ein ny kommuneplan. Gjennom strategisk samfunns- og næringsutvikling vil me styrka eksisterande, skapa og legga til rette for nye arbeidsplassar. Den nye kommunen skal vera nyskapande og utvikla nye næringsareal med fokus på framtidsretta næringsliv.

Den nye kommunen skal jobba for effektiv internkommunikasjon og for å realisera lokale samferdselsprosjekt, t.d. (ikkje prioritert):

  • Nyborgtunnelen
  • Alversund bru
  • Sambandet Vest
  • Ringveg Nordhordland

Det vil bli søkt om midlar til samanslåtte kommunar til infrastruktur for å sikre planmidlar til Sambandet Vest (inklusiv Moldekleiv–Landsvik–Bognesstraumen bru) og Alversund bru og breiband i heile den nye kommunen. Me vil vera ein pådrivar for å halda fram utbygginga av mobilnettet og breibandtilbodet i alle delar av kommunen.

Den nye kommunen vil utarbeida ein klima- og miljøplan. Når ein utarbeider ein ny klima- og miljøplan vil ein ha særskilt fokus på alternative energiformer, miljøeffektive løysingar og å førebygga klimaendringar gjennom lokal handling.

Den nye kommunen skal utarbeida ein landbruks- og akvakulturplan. Interkommunale samarbeid, interkommunale og kommunale selskap skal gjennomgåast.

Prinsipp for kompetanse

Rett kompetanse er grunnlaget for eit godt tenestetilbod. Det skal vera eit prioritert satsingsområde å skaffa, utvikla og halda på dyktige og kvalifiserte fagpersonar. Ein større og meir slagkraftig kommune skal føra til at det vert meir attraktivt å arbeida i kommunen, og bidra til fleire stillingar dedikert til spesialfunksjonar. Kommunen skal vera ein attraktiv arbeidsplass. Kompetansekartlegging skal bidra til betre oversikt og danna grunnlaget for ein kompetanseplan om rekruttering, organisering og fagutvikling.

8. Økonomi – harmonisering av skattar og avgifter

Det er eit mål at ingen innbyggarar skal få høgare kommunal eigedomsskatt som følge av ein ny kommune. Det er semje om å harmonisere skattar og avgifter.

Prisnivået på kommunale tenester, gebyr og eigedomsskatt skal vera likt i heile den nye kommunen. Det inneber at den nye kommunen fjernar eigedomsskatten på hus og hytter.

Investeringsprosjekt

Vedtekne investeringsprosjekt vert vidareført i den nye kommunen. Alle investeringsprosjekt skal vera økonomisk forsvarlege og ha ei sikker finansiering. Investeringsprosjekt innarbeidd i dei tidlegare kommunane sine økonomiplanar når søknad om å etablera ein ny kommune vert vedtatt, prioriterast i den nye kommunen sitt budsjett og økonomiplan. Det er ein føresetnad at prosjekta er fullfinansiert i balansert budsjett og økonomiplan.

Etablering av den nye kommunen vil gje grunnlag for effektiviseringsgevinstar, m.a. innan felles politisk og administrativ styring og leiing. Frigjorde midlar og ressursar skal nyttast til å styrka handlefridommen til å utvikla tenestene og ved å setta av midlar til eit kommunalt utviklings- og næringsfond.

Den nye kommunen vil ta imot økonomiske midlar til eingongskostnader og reformstøtte ved endra kommunestruktur.

9. Kommunen som arbeidsgjevar – administrative prosessar

Den nye kommunen skal vera raus og inkluderande. Me er samde om å etablera ein arbeidsgjevarpolitikk som bidreg til å samla og utvikla arbeidstakarane i den nye kommunen, og som skaper gode relasjonar mellom arbeidsgjevar og arbeidstakarar.

Det vert lagt opp til høg grad av medverknad frå dei tilsette og deira organisasjonar på lokalt og sentralt nivå, både under etablering av den nye kommunen og etter at denne er etablert. Å bygga ein ny kommune er juridisk sett ei verksemdsoverdraging. Det inneber at dei tilsette er sikra rettane som er fastsette i lov- og avtaleverk (AML § 14). Framlegg til prinsipp for vidare drøftingar med arbeidstakarorganisasjonar:

  • Alle tilsette har rett på jobb i den nye kommunen, og skal ikkje få reduksjon i løna si (AML § 14, HTA § 3.4.1).
     
  • Prosessane skal pregast av openheit og dialog. Kommunikasjonsstrategi skal prioriterast.
     
  • Det skal, i samsvar med lov- og avtaleverk, lagast ein omstillingsavtale i samhandling mellom arbeidsgjevar og arbeidstakarorganisasjonane
     
  • Tillitsvalde skal vera representert i styringsgruppene i kvar kommune.
     
  • Det skal gjennomførast informasjonsmøte, drøftingsmøte og høyringar i samband med intensjonsdokumentet og prosessen.

10. Kommunikasjonsplan

Gjennom aktiv kommunikasjon og brei medverknad skal me sikra at alle får god informasjon og vert høyrt om den pågåande reformprosessen. Ein felles kommunikasjonsstrategi skal utarbeidast med målretta satsing på ekstern og intern informasjon.

11. Vegen vidare

Intensjonsavtalen som vart underteikna i januar 2016 har vore på ein brei medverknadsprosess og innbyggardialog denne våren. Med bakgrunn i dei innspela som har komme har forhandlingsutvalet utarbeida ein endeleg intensjonsavtale som vert lagt fram for kommunestyra for endeleg avgjerd i juni.

For å sikra framdrift i prosessen etter vedtaket i juni vil Forhandlingsutvalet arbeida med å førebu samanslåing og koordinera samarbeidet mellom

kommunane fram til Fellesnemnd er valt (jf. Inndelingslova). Arbeidstakarane skal velja ein representant frå kvar kommune som skal delta i Forhandlingsutvalet. Inndelingslova av 2001 set rammene for korleis samanslåinga skal gjennomførast.

Når Stortinget har fatta vedtak om at kommunar kan slå seg saman skal det opprettast ei Fellesnemnd (Inndelingslova § 26). Fellesnemnda for Nordhordland kommune skal ha 21 medlemmar med fem frå Radøy, seks frå Meland og ti frå Lindås. Det skal også veljast varamedlemmar til nemnda.