Gå til sidens hovedinnhold

Her er bildene som tyder på at brannen er påtend

Artikkelen er over 6 år gammel

Vindu er knust og rom utbrent i det andre hotellbygget som ikkje brann ned. – Påfallande, seier lensmann Kjell Idar Vangberg. Søndag kveld stadfestar han overfor NRK at brannen er påsett.

Bilda som Avisa Nordhordland sin fotograf har tatt på staden slår fast at det har vore brann i begge dei to bygningane som tilhøyrer Lune Huler på Vågseidet.

I det bygget som framleis står er eit vindauge knust, og rommet innanfor er fullstendig utbrend. Dette rommet ligg i hjørnet som vender lengst vekk frå bygget som brann ned til grunnen natt til søndag.

At det har oppstått brann på to stader samstundes gjer det meir sannsynleg at brannen er påtend.

LES OGSÅ: Han var den første som oppdaget brannen

– Påfallande funn

Kjell Idar Vangberg, lensmann i Nordhordland lensmannsdistrikt, stadfestar at politiet etterforskar branen som den er påtend.

– Ja, det gjer vi. Når vi ikkje veit om den er påtend eller ikkje, så må vi gå breitt ut og etterforska som om nokon har satt fyr på, slik at vi ikkje misser verdifull tid, seier Vangberg til Avisa Nordhordland i 14-tida søndag.

– Er det påfallande at eit vindu i det andre bygget er knust og rommet utbrent?

– Ja, det er påfallande. Kriminalteknisk har undersøkt det, svarar Vangberg.

– Kan du seia noko om kva dei har funne der?

– Det vil vi ikkje konkludera med før dei har vore på brannåstaden igjen i morgon. 

– Kva tenker du om at hotellet skulle bli asylmottak?

– Ja, det blei jo bestemt fredag, og det er jo klart at det er urovekkande når det brenn natt til søndag.

Overfor NRK Hordaland søndag kveld slår Vangberg nærast fast at brannen er påtend.

– Mannskap frå kriminalteknisk avdeling som i dag har vore på brannstaden slår fast at det er to ulike arnestadar for brannen. I tillegg til brannen i kjøkkendelen, var det også knust ei rute og satt fyr på eit rom i boligdelen. Dette branntillløpet sløkte seg sjølv, seier Vangberg til NRK.

LES OGSÅ: Bygget har stått tomt sidan i sommar

Slik er etterforskinga

Hotellbrannen blir no etterforska for fullt av Nordhordland lensmannsdistrikt.

– Vi har teke namn på folk som var tilstades og kom til staden. Vi skal også ha ei rundspørring. Kriminalteknisk frå Bergen har vore ute og gjort ei foreløpig undersøking og skal ut igjen i morgon og fullføre undersøkinga på branntomta og bygget ved sidan av, seier Vangberg.

 

– No sit vi i avhøyr med eigar av bygget for å få hennar oppleving, og så har vi avhøyrt ein av meldarane og vil avhøyre fleire, seier lensmannen.  

– Har de planar om å gjennomføra mange avhøyr?

– Ja, det vil vi. Kor mange veit vi ikkje, men vi er veldig interessert i å komma i kontakt med folk som har køyrt forbi i det aktuelle tidsrommet. Brannen vart meld klokka 02.20, og vi er interessert i å få tilbakemeldingar frå alle som har køyrd i området frå klokka 02.00 til 02.30.

LES OGSÅ: Politiet jaktar mørk bil

Etterlyser drosjesjåfør

Natt til søndag gjekk politiet raskt ut og etterlyste ein mørk bil. No går politiet også ut og etterlyser ein drosjesjåfør.

– Vi veit også at ein drosje frå Nordhordland taxi køyrte forbi like før klokka 02.30. Den kom sørifrå, og sjåføren av denne drosja ønsker vi tar kontakt med oss, seier Vangberg.

Det skal også ha vore sørgåande trafikk i tidsrommet.

– Nokre bilar har kome nordifrå og køyrt sørover forbi Vågseidet klokka 02.25. Vi er også interessert i å koma i kontakt med dei, utdjupar Vangberg.

– Treng de bistand frå politiet i Bergen til å etterforska denne saka?

– Ikkje akkurat på det stadiet i etterforskinga vi er i no. Kriminalteknisk har som sagt vore på brannåstaden og hundepatrulje var ute i natt og søkte etter spor og gjorde undersøkingar rundt bygga, seier Vangberg.

I alt fem politipatruljar var involvert i storbrannen natt til søndag.

LES OGSÅ: Lune Huler brann natt til søndag - eit bygg heilt nedbrent

Kommentarer til denne saken